Kultur | 12. okt. 2015

Ekstra med Helge Jordal

Riksteateret kasta seg rundt. No blir det ekstraframsyning av «Førstereis» med Helge Jordal.

Ekstra med Helge Jordal
Helge Jordal står aleine på scenen i «Førstereis» (foto: Maguns Skrede, Riksteateret)
Andris Hamremandag 12. okt. 2015 11:58

Søndag fortalde vi at sukessframsyninga «Førstereis» med Helge Jordal den 25. oktober er utseldt.

– No har Riksteateret kasta seg rundt og kjem til Os eitt døgn tidlegare. Det gjer at vi klarar å sette opp ei ekstraframsyning lørdagen klokka 19, ståler Berit Steen, arrangementssjef på Oseana Kunst og Kultursenter.

Hadde lang venteliste

Steen fortel om mange fortvila telefonar og e-postar dei siste dagane frå folk som ønska seg billettar til Helge Jordal si forestilling.

– Det er stas at vi saman med Riksteateret klarar å sette opp ei ekstra framsyning. Det gjer at dei bortmot 100 som har vore i meg, men ikkje fått billett no får sjansen.

– Billettane vil bli lagt ut på billettservice, men det kan ta nokre dagar. Allereie no kan dei som vil reservera billett ringa oss, avsluttar Steen.

«Førstereis» handlar om gutteheimsbarnet Martin, som rømmer til sjøs og publikum får bli med han i vakttønna på dekk, på rakkadais i Amsterdam og julefeiring om bord. Framsyninga tek utgangspunkt i den store sjøfartstida etter andre verdskrig. Ei epoke kor redninga for mange unge menn var å dra til sjøs.

Helge Jordal står aleine på scene i denne hyllesten til sjømenna. Framsyninga er skapt av Morten Lorentzen og regissert av Lasse Kolsrud.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.