
Sjarmør og stødig songar: Elias Grimstad Salbu. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Elias song seg vidare
Laurdag blei årets kulturmønstring for ungdom arrangert i Os. I fjor var det 23 bidrag frå Os i den lokale mønstringa, i år var det 10.
Med utviding frå Fjellheim til Oseana blei det også plass til Fusa, og til saman fekk vi sjå 18 bidrag på scenen.
SJÅ ALLE I VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
I tillegg var foajeen fylt med kunst, bidrag i form av skulptur, maleri, teikningar, lampar og fotografi, 19 i alt (8 frå Os). Også desse bidraga var del av mønstringa.
Fylket flyttar til Os
Konferansier for kvelden var Andreas Lindborg, festivalsjef på Søfteland Rock N LoL og trommespelar i Bone Shakers. Lindborg starta med å gje ordet til Astrid Marthinussen frå barne- og ungdomsrådet i Hordaland fylkeskommune.
Marthinussen er fylkeskontakt for UKM og ho fortalte at ho såg fram til både kveldens lokalmønstring, årets fylkesmønstring og neste års flytting av fylkesmønstringa, frå Grieghallen til Oseana.
Søskenpar saman
Årets UKM starta med den fine Sigvart Dagsland-låta "Ka e du redd for", nydeleg framført av søskenparet Sanne og Simen Moesgård.
Dei to har vore med på fleire framsyningar i Os dei siste åra, blant anna operaen "Havfest". Dette er første gong vi har høyrt dei to i duett, og det gjer vi gjerne igjen, det same meinte juryen.
Viljar Brunvoll, som også gjekk vidare, var med på tre bidrag. Viljar spelte med to ulike rockeband, men blei sendt vidare for sitt solobidrag på piano.
Rock til slutt
UKM heldt fram med osingar og fusingar, frå klassisk song og musikk, til saksofon, piano og dans.
Etter pausen kom tre friske rockeinnslag, eitt frå Fusa og to frå Os, før alle deltakarane blei samla på scenen og juryen kunne fortelja kven som blei sendt vidare til fylkesmønstringa i Grieghallen i midten av april.
Juryen: Jonny Haugland, Hildegunn Anda, Hanne Solvang, Olga Bjørge, Karl Ole Midtbø og Tone Koldal.
Desse gjekk vidare frå Os:
1. Sanne og Simen Moesgård (song)
2. Mari Harju Skeie (song)
3. Aurora Aksnes og Julie Frances Roman (dans, moderne barlesque)
4. Viljar Brunvoll (piano)
5. Elias Grimstad Salbu (song/gitar)
6. Åshild Svendal Os (dans, klassisk ballett)
Frå utstillinga blei desse kunstnarane sendt vidare:
Anne Marthe Moberg Lokøy, Loan Thanh Bui og Sandra Charlotte Tveit.
UKM Os blei arrangert saman med UKM Fusa i år.
Her ser du deltakarane og vinnarane frå Fusa
I videoen under kan du delar av sjå alle innslaga frå Os og Fusa (15:32). Foto: Andris Hamre.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no


