Lokal | 26. sep. 2014

Elva boblar

"Kokande elv" som følgje av mykje regn. – Det er truleg overvatn i avlaupsnettet, forklarar Marianne Kramer.

Elva boblar
Slik såg det ut då Midtsiden var på gjestebygga fredag formiddag (foto: AH)
Andris Hamrefredag 26. sep. 2014 09:12

Rett utanfor den kommunale pumpestasjonen på gjestebrygga kan ein i dag sjå at elva "kokar".

– Truleg er det overvatn frå kloakknettet som gjer det.

– Når det regnar så mykje som det har gjort no, så skjer det frå tid til anna, forklarar teknisk sjef, Marianne Kramer.

Overvakar pumpa

Problemet kan vera at i det gamle avlaupsnettet blir overvatn frå kommunale kummar blanda med kloakken.

– I dag blir dei lagt i separate rør, men vi har framleis denne delte løysinga på eindel av nettet vår.

– Problemet kan òg oppstå om pumpa som står i pumpestasjonen går tett og stoppar og at det dermed renn over i overlaupsrøret.

– På pumpestasjonen har vi alarm, direkte knytt til vakttelefonen, men eg har ikkje høyrt at den har slått ut i dag, forklarar Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.