Lokal | 23. juli 2016

Er det dyrt å bu i Os?

I Sola betaler innbyggarane 5.269 kroner i kommunale avgifter, i Gjemnes koster tenestene over 21.000. Korleis ligg Os an?

Er det dyrt å bu i Os?
Os rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juli 2016 08:21

Ifølgje ei ny undersøking frå Norsk Familieøkonomi har den dyraste kommunen i Noreg fire gongar så høge avgifter som den billigaste.

Norsk Familieøkonomi baserer analysen på tal frå Statistisk Sentralbyrå og ser på kor mykje ein gjennomsnitteleg husstand betaler i avgift på vatn, avlaup, renovasjon, feiing og eventuell eigendomsskatt.

Sola kommune i Rogaland er billigast med ein total på 5.269 kroner, mens i Gjemnes i Møre & Romsdal må innbyggarane ut med 21.008 kroner i året i kommunale avgifter.

Os - blant dei billigaste i Hordaland

Ifølgje undersøkinga er det dobbelt så dyrt å bu i Os som i Sola.

Likevel er det berre sju kommunar i Hordaland som har lågare avgifter enn Os.

Modalen (8113 kroner), Ulvik (8675 kroner) og Fitjar (9701 kroner) er billigast, mens Ullensvang (16.421 kroner) er dyrast.

Dette kostar det å bu i Os: Totalt 10.468 kroner per år
Vatn 3.698
Avlaup 4.644
Renovasjon 1.700
Feiar 426
Eigedomsskatt 0

Vår komande halvdel over fjorden, Fusa, ser ut til å vera gløymt i undersøkinga. Heller ikkje Tysnes ser ut til å vera med.

Samnanger blant dei dyraste

Naboane våre i aust, Samnanger kommune, ligg på 16.345 kroner. Dette er inkludert 4500 kroner i eigedomsskatt, i tillegg må du betala heile 7210 kroner for vatnet per år.

Av kommunar Os ofte samanliknar seg med ser tala slik ut:

Askøy: Totalt 10.282 kroner
Vatn 4029
Avlaup 3985
Renovasjon 1725
Feiar 543
Eigedomsskatt 0

Fjell: Totalt 12.167 kroner
Vatn 4533
Avlaup 5152
Renovasjon 1892
Feiar 590
Eigedomsskatt 0

Her er totalkostnaden i nokre andre kommunar i Hordaland:
Lindås 9.865 kroner
Fedje 10.149
Austrheim 10.205
Askøy 10.282
Vaksdal 10.727
Odda 10.887
Øygarden 12.060
Austevoll 12.427
Stord 12545
Voss 13.665
Bergen 14.024

I Oslo kommune er totalprisen 8.017 kroner.

Sjå heile undersøkinga på norskfamilie.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.