Lokal | 31. aug. 2015

– Er dette «Liv på Øyro»?

Etter 30 år i Os sentrum har ToJo-eigaren blitt ufør. For å verna om arbeidsplassane vil han selja salongen, men kjøpar får ikkje leigekontrakt.

– Er dette «Liv på Øyro»?
Tor Eigil Johannessen har vore leigetakar i Oshjørnet i 27 år. No vil han selja salongen, men kjøpar får ikkje leigekontrakt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. aug. 2015 10:08

Tor Eigil Johannessen har drive frisørsalongen ToJo i Os sentrum i 30 år, dei tre første i Handlegården, dei siste 27 åra i Oshjørnet, der han framleis held hus.

– Eg har prøvd å halda meg i arbeid trass problem med pusten, og kjempa meg til å få jobba 50 prosent. Men i sommar fekk eg beskjed om at eg blir 100 prosent ufør, fortel Johannessen.

Han har fire tilsette, i alt tre årsverk. For å berga arbeidsplassen deira, og for å hindra nok ei nedlegging på Osøyro, vil han selja salongen.

– Kjøpar står klar, men vedkomande får beskjed om at huseigar ikkje vil teikna kontrakt med ny leigetakar. Styret hadde sagt nei.

– Dette er heilt på tvers av kva eg har blitt lovd, frå dag éin har dei sagt at dei vil ha oss her vidare, det må no vera ein bagatell om det er eg eller ein annan som har kontrakten.

– Må venta

Den nye huseigaren, Os Bygg og Eigedom, vil utvida og rusta opp Oshjørnet i prosjektet Baronsgården.

– Prosjektet har vore ute på anbod to gongar, begge gongar landa vi på prisar som var så høge at prosjektet ikkje kunne gjennomførast, fortel Paal Herland frå Os Bygg og Eigedom.

OBE har trekt seg tilbake for å sjå nytt og grundigare på prosjektet. Ei gruppe med ingeniørar har gått gjennom bygningsmassen og kva den kan tola.

Det ser ut som om mengden næringsareal i bygget går ned frå 800 til 290 kvadratmeter.

Andre etasje kan truleg ikkje brukast til næring og delar av første etasje må bli bod til komande bustadar.

– Arbeidet er ikkje ferdig og så lenge det er så mykje uvisse om prosjektet kan ikkje vi gå inn i nye leigekontraktar på 5 + 5 år, slik ToJo ber om. Vi kan ikkje teikna kontrakt på noko vi ikkje veit kva er, forklarer Herland.

Uaktuelt å flytta

Salongen til ToJo er på rundt 60 kvadratmeter. I tillegg kjem noko fellesareal.

OBE seier dei også har sett etter alternative lokale for ToJo, men at desse ikkje har blitt akseptert.

– Vi kan gjerne flytta midlertidig når det skal pussast opp her, men då dei kom med forslag om å flytta i Brugata opp mot Hatvikvegen var visst det på vilkår av at det blei permanent. Joagruppen ville ikkje bygga ny salong til oss med mindre vi blei verande, og det forstår eg.

– Men alle veit korleis det har gått med butikkane og frisørsalongen som var i den gata, å flytta permanent er ikkje interessant.

– Lokalet vi har no er gode og har vore viktige for oss, og eg vil selja ein salong som har god sjanse til å leva vidare, seier Johannessen.

Vil kjempa vidare

ToJo seier han er skuffa og lurer på kva kommunen og det kommunale selskapet tenkjer om «Liv på Øyro» når ein av dei eldste eigetakarane i sentrum no blir ståande i ein låst situasjon.

– Det viktigaste for meg er arbeidsplassane til dei som jobbar hos meg. Éi har vore her i over 20 år, ei anna i eitt år.

– Eg er ein varsam mann og trur aldri på noko før det er sikkert. Men i denne saka følte eg meg trygg, for eg har fått så mange muntlege løfter om at det er plass til ToJo også i den nye Baronsgården.

– Sjølv om styret sa nei håper eg at leiinga i Os Bygg og Eigedom vil snu. Dialogen til no har vore veldig god og eg vil uansett kjempa vidare for ei framtid for ToJo-salongen og mine tilsette, seier Tor Eigil Johannessen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.