Kultur | 04. sep. 2014

– Er du klar for action?

Os Bygg og Eigedom AS krydrar Bondens Dag med skikkeleg action og tilbyr gratis havrafting for born og ungdomar.

– Er du klar for action?
Illustrasjonsbilde: Fjordguiding.no.&nbsp;<span style="line-height: 1.538em;">Innfelt: Fredrik Seliussen (Os kommune og Liv på Øyro), Ruth B. Bjørø og Paal Herland (OBEAS) inviterer til havrafting. (Foto: KML).&nbsp;</span>
Kari M. Lyssandtorsdag 04. sep. 2014 11:45

Laurdag er det Bondens Dag og Oselvarfestivalen, med mange aktivitetar i sentrum og rundt Os hamn.

– Vi synest det er eit flott arrangement og fant ut at vi hadde lyst til å bidra, fortel prosjekt- og eigedomsutviklar i Os Bygg og Eigedom (OBEAS) Paal Herland.

Saman med Ruth Birkeland Bjørø, seniorkonsulent i OBEAS, og Fredrik Seliussen, prosjektleiar i Liv på Øyro, fekk han ideen om å få ein havraftingbåt til Os.

– Vi vil gje dei unge osingane litt action og dette er ein sjeldan sjanse til å få prøva havrafting ute på fjorden, fortel dei.

Går i 50 knop

OBEAS er initiativtakarane bak prosjektet Os Open der dei tilbyr gratis utleige for lokaler i Oshjørnet, eit tiltak for å skapa liv i sentrum ettermiddager og kveld.

– Havraftinga er ein vidareføring av tanken bak Os Open, vi ønsker å vera med å skapa liv på Øyro og å spre glede blant innbyggjarane.

Tilbodet med havraftinga er gratis, og er i utgangspunktet meint for born og ungdomar. Båten frå Austevoll Sjørafting har plass til 12 personar om gongen og har ein toppfart på 50 knop.

Førstemann til mølla

– Vi vil ha eit køsystem, så her er det førstemann til mølla som gjeld.

For dei yngste borna er det sett opp to rolegare turar klokka 14 og 14.30, her presiserer Bjørø at det er viktig at dei tar med eigne redningsvestar.

– Ønskjer dei å ha foreldre med i båten så er ikkje det noko problem, og dei under 18 år treng samtykke frå føresatte for å få bli med.

-Reine galskapen

Turane vil gå frå Essoen ut til Halhjem og tilbake.

– Vi håper at vi skal klara å få 100 osingar ut på fjorden i løpet av dagen og vi kjem til å halde på frå klokka 13 til 15.30, seier Bjørø.

Sentrumsleiar Geir Amundsen er utelukkande positiv til initiativet.

- Dette er reine galskapen, og passer jo midt i blinken for ungdomen, seier han entusiastisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.