Lokal | 11. sep. 2014

– Er hasj så farleg?

Dei neste vekene skal niandeklassingane på Os ha rus, seksualitet og psykisk helse som tema. Men først fekk foreldra eit foredrag.

– Er hasj så farleg?
Frå foreldremøtet ved Os ungdomsskule onsdag i førre veke. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. sep. 2014 09:57

Fredag er det oppstart av Os ungdomsskule sitt tverrfaglege prosjekt for niandeklassingar, eit prosjekt som blir gjennomført for tredje år på rad.

«Skulen vil gjerne, i samarbeid med foreldra, rettleia og hjelpa ungdomane til å meistre og ta gode val på desse vanskelege og utfordrande områda» står det i programmet. Prosjektleiar er Therese Johnsen, inspektør ved skulen.

Lærarane på 9.trinn har eit særleg ansvar for å gjennomføra undervisningsopplegget. I tillegg vil ei prosjektgruppe stå for koordinering og framdrift i prosjektperioden.

Skulen samarbeider med ulike eksterne aktørar som:
• LLH (Landsforbundet for lesbiske og homofile)
• SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep i Hordaland)
• Bergensklinikkene (Ko-rus Øst)

I tillegg kjem Os kommune sine eigne ressurspersonar for psykisk helse og rusførebygging.

Oppstart i morgon

Første dag blir det vising av filmen «Linas kveldsbok» i Oseana med påfølgjande arbeid i grupper på skulen resten av dagen. Dei neste vekene blir det ulike fagdagar om seksualitet, rus, psykisk helse, homofili og dataspel som tema, med avslutning og paneldebatt 3. oktober.

Før oppstart fekk to av dei involverte i prosjektet, kommunal ruslege Hege Tønnesen og ansvarleg for forebyggande arbeid i Os, politibetjent Anne Lyssand, snakka til foreldra til elevane på ei samling i kantina på Os ungdomsskule.

Gode, lokale ekspertar

Anne Lyssand, som har jobba med forebygging for politiet i Oslo sidan 1991, kom i fjor heim til Os og gler seg over lensmann Oddbjørn Dyrdal si satsing nettopp på dette fagfeltet.

Les òg: Tilbake til ungdomen

– Til no har det i Noreg blitt brukt store ressursar på etterforsking og påtale, mindre på ettervern og endå mindre på forebygging. Målet er at dette skal snu, at meir forebygging skal føra til lågare behov for dei to andre, sa Lyssand, og viste fram grafar og tal.

Lege Hege Tønnesen var sentral i den tverrfaglege gruppa som jobba direkte mot GHB-brukarar etter at dette problemet var på det største i 2009. Ho er no ruslege i Os kommune og jobbar ved sidan av allmennpraksis med å ta imot uroa foreldre og deira ungdomar, helst så tidleg som mogleg, eller før problemet oppstår.

–Nokre tar dette med fastlegen sin, andre kjem direkte til meg. Terskelen er låg, frå samtalar med foreldre som vil ha råd til korleis dei snakkar med ungane sine til foreldre som nyleg har avslørt misbruk, og nærmast kjem slepande med sonen eller dottera ned til meg.

Trefte foreldra godt

Både Lyssand og Tønnesen kom med konkrete og gode eksempel på vanskelege situasjonar og situasjonar som kanskje er vanlege. Fleire var bortom og gav gode tilbakemeldingar etter foreldremøtet.

Dei viste også til undersøkingar som både fortel rusvanane til elevar frå Os og kva dei ventar av foreldra.

– Sjansen for at du får rusproblem er dobbelt så stor om du ikkje er med i eit idrettslag eller ein annan organisasjon. Det treng ikkje vera handball eller fotball, eller idrett for den del. Det er mykje å velja mellom og ein stor fordel om foreldra hjelper barna i ung alder å finna ein fritidsaktivitet dei liker, noko dei helst vil halda på med gjennom heile ungdomstida, seier Tønnesen.

Undersøkinga viser også at fleirtalet av ungdomen ønskjer å ha grenser. Dei seier også at dei ikkje liker å sjå foreldra rusa. Det skal ifølgje ruslegen veldig lite til, kanskje eit par glas, så ser ungane at du er påverka. Og dei liker det ikkje.

– Det viktigaste, tenkjer eg, er at du har nær og god kontakt med ungane dine også i ungdomsåra.

– Ha måltid saman, utan at ungdomen sit med mobiltelefonen i handa, og gjer andre kjekke ting i lag med jamne mellomrom, heile familien saman. Då føler ungdomen at foreldra bryr seg og faktisk har lyst til å vera med dei og at dei ønsker å lytta til barnet sitt. For dei er framleis barn sjølv om dei er 14-15 år og føler seg nesten vaksen.

– Ikkje ver naiv når det kjem til overnatting hos venar, ha kontakt med andre foreldre, ha låg terskel for å snakka saman og ver vaken og edru når ungane kjem heim frå besøk eller fest.

– I denne alderen er det mange som trekk seg litt unna, som helst kommuniserer via nettet og som ikkje synest foreldra er dei kjekkaste som finnest. Om du let dei halda seg for seg sjølv så mister du kontakten, du er ikkje lenger i stand til å veta korleis dei har det eller til å oppdaga om dei endrar åtferd, noko som igjen kan vera symptom på at dei har det vanskeleg eller at dei har fått problem med rus.

Kva lyttar ungdomen til?

Hovudmålsettinga for prosjektet er å fremja god fysisk og psykisk helse for ungdom fram mot vaksenlivet.

Men kor effektiv er det forebyggande arbeidet? Når du inn til ungdomen berre fordi du er lærar, lege eller politi? Kva lyttar ungdomen til?

– Du kan få ein kols-pasient til å snakka til røykarar, utan at det har særleg effekt. Sånn er det nok med ungdomen òg. I forhold til rus er det bevist at denne typen skremselspropaganda ikkje fungerer nettopp fordi brukarane sjølv meiner dei har kontroll og aldri vil hamna der misbrukaren er.

Mindre drastiske eksempel, gjerne frå lokalmiljøet, men som har fått ubehagelege konsekvensar, er ofte lettare å få ungdomen til lytta til.

Både Lyssand og Tønnesen har fleire av desse, frå sunne idrettstalent med flekk på rullebladet som fører til nekta innreise til USA, til ungdom som ikkje hugsar noko frå ein fest, men har mistanke om at noko gale har skjedd med dei medan dei søv.

Fare for førarkortbeslag

– Ungdomen distanserer seg lett frå dei verste eksempla. Mens andre ting kan vera verre. Det hadde kanskje fungert supert om vi sa at du får stygg hud av å rusa deg.

– Noko av det som har effekt er fare for beslag av førarkort. Har du dårlege rusvaner så treng du ikkje blir stoppa i trafikken for å få førarkortet beslaglagt.

– Eg har hatt ungdom og unge vaksne innom som ikkje har lytta, heilt til dei har forstått at det har vore risiko for å mista lappen. Då har dei gjerne takka ja til å gå inn på ordning med jamleg urinprøvetaking for å bevisa at dei i framtida held seg rusfri.

– Er hasj så farleg, då?

Hasjbruk og haldningar til hasj er ei av dei større utfordringane innan forebyggande arbeid.

– Diskusjonen om legalisering, ungdomspolitikarar si haldning til dette og bruken av hasj blant kjendisar gjer saka langt verre, fortel Hege.

– Ungdomen kjem med argument som handlar om at alkohol er farlegare enn hasj, og at hasj er medisin. Mykje er basert på dårleg tolking av fakta, meiner ruslegen.

På den eine sida blei det nevnt dei verste eksempla, ein i utlandet som døydde av eitt trekk av syntetisk hasj, ein i Hordaland som blei innlagt på Sandviken etter sin første joint. Talet på variantar av syntetisk hasj har blitt cirka tidobla på nokre få år, folk veit ikkje kva dei får og syntetisk hasj kan vera svært farleg.

Les òg: 32 venner døde (venneslatidende.no)

På den andre sida fortalte Tønnesen om dei umiddelbare effektane av hasjbruk, dei som rammar nærmast alle.

– Hasjbrukarar blir likeglade. Dei sluttar å bry seg. I tillegg distanserer dei seg frå rusfrie venar, så den dagen dei prøver å slutta så har dei ingen å vera med og vegen tilbake til rus blir veldig kort.

– Vi menneske er flokkdyr, og vi vel heller ein dårleg flokk enn å ha ingen flokk.

– I tillegg har du risikoen. Så og seia alle som har blitt tungt belasta narkomane seier det starta med hasj, så og seia alle som røyker hasj seier at dette ikkje kjem til å skje med dei.

– Men avhengighet og ein veg vidare som rusmisbrukar kan ramma kven som helst, uansett kor fin heim du kjem frå. Vil du ta sjansen på at det ikkje skal ramma dine ungar? spør Hege Tønnesen, som dei neste tre vekene skal prata med elevane om emnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.