Fotball | 28. mars 2024

Er i fare for å mista EM-kvalifiseringa

I dag kom uttaket, i neste veke skal kampane spelast.

Er i fare for å mista EM-kvalifiseringa
Nora Blindheim Nøss spelte treningskampar for Norge J19 i vinter. No er ho spent på EM-kvaliken (Foto: Camilla Lind, NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. mars 2024 15:08

I haust spelte Nora Blindheim Nøss og Linnea Sælen første del av EM-kvalifiseringa, neste veke blir dei tre siste og avgjerande kampane spelt.

I dag kom NFF med uttaket, og begge Arna-Bjørnar-spelarane frå Os er del også av dette uttaket.

Men Nøss risikerer å måtta stå over.

– Det var veldig kjekt å bli tatt ut! Dessverre har eg fått ein belastningsskade i hofteleddsbøyaren, så eg har spelt dei siste kampane med smerter, fortel Nora.

EM-kvalifiseringa blir spelt i Tsjekkia i neste veke.

– Kor tid veit du om du kan reisa?

– Landslagsfysioen skulle snakka med min fysioterapeut i dag, og diskutera om eg kan delta.

Norge har hamna i gruppe med Frankrike, Tsjekkia, Norge, Ukraina.

Gruppevinnarane kvalifiserer seg til J19-EM 2024, som blir spelt i Litauen i perioden 14. til 27. juli.

Dei tre kampane i EM-kvalifiseringa:
3. april kl 15.00: Tsjekkia - Norge (FK Chmel, Bisany)
6. april kl 15.00: Frankrike - Norge (Stadium FC Chomutov)
9. april kl 16.00: Ukraina - Norge (Stadium FC Chomutov)

Dei siste to helgene har Nøss og Linnea Sælen spelt toppseriekampar med Arna-Bjørnar.

I serieopninga blei det 3-0-tap borte for Rosenborg. Begge spelte frå start, Sælen spelte heile.

I helga tok dei imot Åsane til lokaloppgjer. Begge spelte frå start og heile kampen, ein kamp som enda 0-0.

I denne kampen kom ein tredje osing innpå, Vilde Drange Veglo spelte sin første kan sidan skaden våren 2022.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.