Er-An Veikro best av 14.000 kundar

– Det var ikkje berre vi som jubla, dette var utruleg rørande, seier Linda Andersen etter Asko si kåring i Tønsberg i kveld.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag starta KLD, Kunde- og leverandørdagane, der ASKO gjer stas på dei beste kundane, leverandørane og produkta i porteføljen.

ASKO, som sel mat for 55 milliardar i året, hadde Er-An Veikro frå Os blant dei tre nominerte.

Les òg: Topp 3 av 12.000

Publikums favoritt

På banketten på Quality Hotell Tønsberg i kveld var det prisutdeling.

– Etter at vi hadde presentasjonen vår tidlegare i dag så var det mange som kom bort og sa at dei håpte at vi kom til å vinna.

– Dei hadde googla oss og viste stor interesse, fortel ei lykkeleg Linda Furhovde Andersen på telefon med Midtsiden.

Ho har med seg ektemannen Dag, dottera Hanne Catrine, kjøkkensjef Joachim Fossbakken, restaurantsjef Erla Eiken og kokk Jan Johansson på turen.

Familien hadde utsett ei bestilt USA-reise for å delta på arrangementet, noko dei neppe angra på i dag.

Som Askepott

– Det var heilt surrealistisk å sitja der, ved sidan av blant anna Hurtigruta og bli ropt opp som vinnar! Oss? Ein restaurant som i utgangspunktet var lita pølsebu på Søfteland, eg føler meg nesten som Askepott, seier Linda og ler.

– Det var òg ekstra rørande at det ikkje berre var vi som jubla, men mange som heia på oss.

I presentasjonen la ho vekt på starten, på det å setja seg mål og å gjennomføra, å vera tru mot konseptet.

– Det vi jobbar med no er å frigje tida mi, så eg får utvikla Er-An Veikro vidare, fortel Linda.

– Eksepsjonell

– Med så mange kundar er nominasjonsprosessen eit omfattande arbeid. Kriterie som utvikling, vekst og nyskaping blir lagt vekt på, sa Ove Haukeland frå ASKO Vest då nominasjonen var klar.

Er-An har som kjent hatt alt frå cowboyfest og 4. julifeiring til drive in-kino og talentkonkurransen Up & Coming.

• Les òg: Ingen kvardag på Er-An Veikro (etter opninga i 2013)

Samtidig har det spektakulære interiøret seinare blitt supplert med ein amerikansk skulebuss integrert i bygget.

– Er-An Veikro har vore eksepsjonell. Dei har vore spenstige i satsinga si og dei har hatt ei svært progressiv omsetnad.

Andre vinnarar

• Årets produkt: Søtpotet Fries fra Hoff.
• Årets utfordrer: Ådne Espeland-Jæder.
• Lantmännen Unibake stakk av med prisen som årets leverandør innanfor både Storhusholdning og Servicehandel

... mens den gjevaste, årets kunde, gjekk til Er-An Veikro!

– Vi reiste bort på morgonen og har hatt ein veldig interessant dag med dyktige foredragshaldarar og ei fantistisk Anne Lindmo som konferansier, fortel Linda.

Fekk mat av osing

Ein av dei som lager mat til dei rundt 400 deltakarane på kundedagane til Asko, er Nils Andris Hamre (19) frå Os.

Nils er blant 21 kokkelæringar som var med Asko til kokke-OL i Erfurt før jul, og som no sto for matlaginga når matbransjen er samla.

– Det var 18 av oss som kokte her i dag, mens kapteinen på juniorlandslaget, Christer Rødseth, var kjøkkensjef. Det var blant anna torsk og kylling på menyen, fortel Nils, som til dagleg er læring hos Søtt+Salt i Bergen.

At det var bransjefolk han lagde mat for, var ikkje noko spesielt for unge Hamre, som har servert staselege gjestar før.

– Å vera 18 lærlingar med 400 gjestar var meir spennande. Du måtte tenkja litt sjølv, du kunne ikkje berre kvila deg på kjøkkensjefen.