Næringsliv | 24. jan. 2017

Erfaren kokk overtar Engeline

– Eg er glad i plassen og har tru på kafé og husmannskost på Osøyro, seier Marcelius, som har søkt permisjon frå Nordsjøen for å driva for seg sjølv i Brugata.

Erfaren kokk overtar Engeline
Svein Marcelius hadde i dag sin tredje dag på kjøkkenet hos Engeline, som han med nystarta selskap er i ferd med å overta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. jan. 2017 20:20

I desember fortalde søstrene Dagrun og Borhild at dei ville gje seg med kafédrifta dei starta i 2011, og heller sjå om dei fann ein leigetakar.

Berre tre veker etter juleferien opna dørene igjen.

– Vi er i ferd med å etablera eit nytt selskap, som vi skal leiga kafeen med, førebels jobbar eg for husverten, seier Svein Marcelius, som hadde sin første dag på Engeline-kjøkkenet laurdag.

Med seg på eigarsida har han broren Sverre og kameraten Terje Hatvik i selskapet Øyro AS. Namnet på kafeen blir framleis Engeline, etter innehavar og husvert si bestemor.

– Når selskapet er oppe og går vil vi tilsetja folk. Eg vil òg sjå etter ein kokk som vil dela stillinga med meg, fortel Svein.

25 år i Nordsjøen

Marcelius har lang fartstid på ulike kjøkken. I 1992 byrja han som stuert på supplybåt, sidan 1994 har han jobba på plattform.

– Eg ba om permisjon nokre veke for å overta Engeline, så vi får kome i gang med drifta.

– Eg har vore gjest på kafeen mange gongar, både då den heitte Engeline og Havnechefen, og er glad i plassen, miljøet og lokaliseringa. Dessutan er det greit å ha noko å gjera på når du er heime på fri, seier Svein.

Kafé, catering og husmannskost

På plass i nytt kjøkken vil Svein tilby lunsjrettar på dagtid og varm middag frå klokka 12.

– Eg kjem til å ha ein variert meny med to middagsrettar per dag. Det blir vanleg, god husmannskost som kjøttkaker, fisk og torsdagsraspeballer.

Engeline vil òg satsa på catering.

– Det har vore ein god og travel start, og eg håper vi serveringsstadane i sentrum supplerer kvarandre godt, at vi kan samarbeida om å gjera Osøyro til ein god og livleg plass, seier den nye Engeline-drivaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.