Lokal | 27. des. 2014

Etterforskinga held fram

– Eg håper politiet finn ut kven det var, seier innehavar Bjarte Andersen om valdsepisoden på Catten. Politiet etterlyser fleire vitne.

Etterforskinga held fram
Catten har hatt godt besøk og god stemning i jula, men natt til fredag blei ein mann slått ned. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. des. 2014 19:27

Politiet i Os jobbar framleis med å finna ut kven som gjekk til angrep på ein mann på Catten Nightclub natt til fredag. Mannen blei slått bevisstlaus og hamna på legevakta med knekt nase.

Les òg: – Hoppa på bevisslaus person

– Vi har fått noko ny informasjon i saka, men reknar med at det var folksamt i lokalet og at fleire har sett kva som skjedde og kven som var involvert, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal til Midtsiden.

– Så langt ser det ut som om det var minst to personar som gjekk til angrep. Kven det var veit vi førebels ikkje.

Lensmannen håper fleire vitne melder seg. Politiet i Os når du på vakttelefon 480 02 480.

– Ropte på assistanse

Catten-eigar Bjarte Andersen fortel at han sto vakt i døra då episoden fann stad.

– Først høyrde eg at musikken blei slått av, så byrja nokre andre tilsette å ropa på meg, fortel han.

Då han kom opp såg han ein mann ligga på dansegolvet.

– Vi prioriterte å ta oss av han og såg verken kva som skjedde eller kven det kan ha vore.

På veg med offeret ut av lokalet var han glad for å sjå at vedkomande kom til hektene.

– Eg har snakka med han i etterkant og alt er heldigvis bra med han.

– Vil ikkje ha dei inn igjen her

Andersen fortel om svært godt besøk i jula, og om god bemanning.

– Var det ingen av dine tilsette eller dei du snakka med etter episoden som kunne fortelja kva som skjedde?

– Det var ein gjest som hadde sett noko, men då han byrja å fortelja så følgte eg han ned til politiet. Eg fann ut at det var best at det var dei som tok avhøyret.

– Dessverre så ser vi ikkje alt. Om det her hadde vore snakk om slåstkamp så ville vi fått det med oss, då ville nok alle gjerningspersonane lagt i jern etterpå.

– Men her ser det ut som blind vald, og slike ting kan skje på få sekund utan at ein vakt får det med seg. Syndarane har nok kome seg ut mens vi tok oss av offeret.

Lensmann Dyrdal seier det førebels er uvisst kva som er årsaka, og om det har vore nokon form for provokasjon i forkant.

– Eg håper uansett at dei finn ut kven som står bak. Eg er ikkje interessert i å ha dei inn igjen her, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.