
Europe next!
Blood Command består av Yngve Andersen (gitar), Silje Tombre (vokal) og Sigurd Haukaas (trommer). Bandet, med medlemmar frå Askøy, Arna og Austlandet, har osingane i Manheads med seg når dei spelar LIVE.
- Den første konserten deira var på Hulen i februar, sidan har det blitt både Ukas Urørt og spelejobbar på Øya-festivalen og på festival i Tromsø, og oppvarming for Silver, fortel Alexander Dymbe.
Alexander (bass) og Manheads-kameratane Jon Haaland (vokal/gitar), Remi Christensen (gitar) og Mads Røykenes (trommer) reiser no saman med Blood Command på sin første europaturne.
- Europearane sluker rått
Turneen inneheld konsertar i Polen, Praha og Tyskland, og Dymbe trur det blir som ein draum.
- Dette er noko vi har snakka om sidan vi var små, å reisa i turnebuss på kontinentet blir heilt fantastisk.
- Kva veit europearane om Blood Command?
- Eg veit ikkje, men managmentet vårt meinte dette var riktig av oss, så då tar vi turen. Norsk rock, og spesielt den frå Bergen, blir uansett slukt rått nedover i Europa, seier Alexander.
NRK blir med
Artistane har fått med seg kamera av NRK, og snuttane dei spelar inn skal klippast til eit innslag som blir vist etter heimkomsten.
- NRK følgjer ein del med oss, og vil ha ein form for videoblogg frå turneen. Truleg blir det vist på P3-TV eller Lydverket over nyttår.
Rundar av med release
Blood Command gav tidlegare ut ein 10-tommar med fem låtar på. No i haust kjem ein ny 10-tommar, denne med fire låtar på.
- Turneen blir runda av med konsert og sleppefest for "Party all the way to the hospital" på Garage i Bergen 30. oktober.
Under kan du sjå musikkvideoen til "Five Inches of a Car Accident".
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no