Kultur | 29. jan. 2015

Eventyrstund på biblioteket

VIDEO: Førstklassingane frå Lunde og Hegglandsdalen blei leia inn i ei eventyrverd då dei besøkte Os Folkebibliotek onsdag.

Kari M. Lyssandtorsdag 29. jan. 2015 07:53

Merethe Gauden har vore fast gjest på Os Folkebibliotek i rundt 15 år. Her har ho heldt eventyrstunder, mest for born, men også for vaksne.

Som ein del av "Den kulturelle skolesekken" inviterer biblioteket førsteklassingane frå alle skulane i Os til ei eventyrstund med Gauden.

Ho har teaterutdanning og har jobba frilans i mange år.

– Eg reiser rundt til alle plassar der dei vil ha litt skrøner.

– Borna gjev meg energi

Med si levande fortellarevne tar ho ungane med på eit eventyr med troll, kongar, slott og prinsesser.

– Eg har stort sett det same eventyret kvart år, det er fordi det eine eventyret rommar så mykje, og publikummet stort sett er nytt.

Ho seier det er ikkje vanskeleg å sjå kva ungar som har lesekultur og ikkje, og har eit inntrykk av at borna frå Hegglandsdalen og Lunde er godt belest.

– Same kor sleten eg er så får eg så enormt med energi når eg ser blikka til borna, fortel Gauden.

Denne onsdagen er ikkje Gauden heilt i form, ifølgje ho sjølv, noko som er umogleg å sjå når ho står foran borna.

Viktig å kunne forestilla seg

Elisabeth Bochon Tøsdal frå biblioteket tykkjer sjølv det er veldig kjekt å få Gauden og borna på besøk.

– Eg tar meg sjølv i å bli sitjande å følgja med eg òg, ho er ein så dyktig forteljar.

Kontaktlærar for 1A på Lunde barneskule, Laila Solbakken, har vore med på eventyrstundene fleire gongar med tidlegare klassar.

– Vi har eventyr som tema i klassen og det er utrulig kjekt å koma her på eventyrstund.

– Forteljarbeten er fantastisk, det er nok ikkje ofte dei opplever noko sånt i desse TV-tider, fortel Solbakken, og seier dei les for borna kvar dag på skulen.

– Det er noko med det å kunne forestilla seg noko, som er så viktig.

VIDEO: Sjå klipp frå eventyrstunda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.