Kultur | 14. juni 2016

Fann alternativt areal for aktivitetspark

Lyngheim skal få leikeplass, men kvar skal den plasserast?

Fann alternativt areal for aktivitetspark
Nils Georg Brekke frå Stiftinga Lyngheim. Det historiske tunet i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. juni 2016 08:22

Bildeserie:

Områdeplanen. Det nye areaelet ligg ved uteplassen oppe til høgre. (Skisse: Abo)
Områdeplanen. Det nye areaelet ligg ved uteplassen oppe til høgre. (Skisse: Abo)
Verken stiftinga eller sameiget ønskjer klatretårn inntil tunet. (Foto: KVB)
Verken stiftinga eller sameiget ønskjer klatretårn inntil tunet. (Foto: KVB)
Denne fyllinga skal no vekk, og planerast, eit areal stiftinga meiner er eigna til leik. (Foto: KVB)
Denne fyllinga skal no vekk, og planerast, eit areal stiftinga meiner er eigna til leik. (Foto: KVB)
Fyllinga ligg ved fotballbanen og sitjegruppene. (Foto: KVB)
Fyllinga ligg ved fotballbanen og sitjegruppene. (Foto: KVB)
– Det blir eit fint familieområde med benkar, leik og fotball. (Foto: KVB)
– Det blir eit fint familieområde med benkar, leik og fotball. (Foto: KVB)
1 av 5
Områdeplanen. Det nye areaelet ligg ved uteplassen oppe til høgre. (Skisse: Abo)
Verken stiftinga eller sameiget ønskjer klatretårn inntil tunet. (Foto: KVB)
Denne fyllinga skal no vekk, og planerast, eit areal stiftinga meiner er eigna til leik. (Foto: KVB)
Fyllinga ligg ved fotballbanen og sitjegruppene. (Foto: KVB)
– Det blir eit fint familieområde med benkar, leik og fotball. (Foto: KVB)

Stiftinga Lyngheim, som for to år sidan opna Det historiske tunet på Lyngheim, er snart i hamn med første del av engasjementet i parken som tunet ligg i.

– Botnevik Samdrift, som vi har hyra til å bygga sikringsgjerde, er godt i gang. No skal det byggast ein anleggsveg inn til stykket der siste gjerdemeterane skal opp, der er det òg ei fylling som skal fjernast og planerast, fortel Nils Georg Brekke frå stiftinga.

Det er nettopp denne fyllinga han ser for seg kan bli areal for dei komande leikeapparata.

– På bakgrunn av ei synfaring med entreprenøren i mai, for å planlegga det arbeidet som no skal gjerast, såg vi at den planeringa som no blir gjennomført skaper eit heilt nytt areal ved uteplassen.

Endra plassering

Etter synfaring i juni 2014, med Os kommune, Grannelaget Aust om elvo, Sameiet Lyngheim og Stiftinga Lyngheim, blei det tatt utgangspunkt i plassering av leikeapparat ved det som blir kalla «uteplassen ved fotballbanen».

Stiftinga søkte så om midlar frå Gjensidigestiftelsen, i nært samråd med Os kommune, og fekk 275.000 kroner til til strekking av sikringsgjerde mot fjorden, muring av steingard mellom tunet og parkeringsarealet og opparbeiding av ny uteplass ved fjorden, ved planering av eldre bossfylling, med vekt på gjennomføring av tiltak for barn og unge. I alt går stiftinga inn med 400.000 kroner.

Men på ei synfaring i 2015, der grannelaget deltok, men ikkje stiftinga, blei det avgjort å flytta dei komande installasjonane mot bakkehallet ved stigninga mot Langhamrane, nær det historiske tunet.

Sameiet Lyngheim og Stiftinga Lyngheim gav i felles brev i mars uttrykk for at dei er sterkt usamde i plasseringa av klatresentral så nær det historiske tunet, blant anna fordi ein stor klatresentral på 5 x 10 meter i areal og 2-3 meter høgde, er med i planane.

Rom for klokskap?

Både sameiget og stiftinga meiner at ein klatresentral vil passa dårleg å plassera der kommunen vil, både av omsyn til terrenget og det historiske tunet.

– Det vil bli det første du ser når du kjem til Lyngheim. Her håper eg det er rom for litt klokskap, at vi ser det heile i ein samanheng, seier Nils Georg.

Han siktar både til storleik på apparata og plassering.

– Vi ser det som godt eigna og veldig naturleg å plassera dette på den komande, planerte plassen, ved sitjegruppene mellom trea. Det blir eit fint familieområde for leik og rekreasjon, fint plassert i terrenget.

– Under opninga i august 2014 understreka fylkeskonservator, noverande fylkeskultursjef Per Morten Ekerhovd, at det må leggast stor vekt på omsyn til landskap og miljø når resten av Lyngheimparken skal formast.

– Fornuftig å venta

I politisk kvarter i formannskapet førre veke blei dette med plassering og utforming tatt opp av Helge Stenum (Ap).

– Er vi sikre på at alle partar blir høyrde før plassering blir bestemt? Etter at stiftinga ikkje var invitert på synfaring blei det planlagt eit stort klatrestativ tett opptil tunet, sa Steinum.

Ordførar Terje Søviknes svarte at det er fleire perspektiv og interessegrupper, og at det i utgangspunktet var ei ei prinsippsak på veg til politisk behandling.

– Vi har valt å ta eit lite stopp til arbeidet med fyllinga er ferdig. Men det er ikkje sikkert at alle interessegruppene får gjennomslag for sine ønskje.

På den eine sida har stiftinga det litt travelt, då dei er avhengige av nøyaktig framdrift i arbeidet på grunn av sluttrapportering til Gjensidigestiftelsen innan 30. september. På den andre sida er dei glade for at Os kommune ventar for å ta ei ny vurdering når entreprenørane er ferdig å planera det nye arealet ved uteplassen.

– Det er fornuftig å venta. Arbeidet går for fullt på Lyngheim og det er ikkje lenge til vi har betre grunnlag for å finna ei best mogleg plassering av dei komande leikeapparata, seier Nils Georg Brekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.