Lokal | 15. aug. 2014

Fann etterlyst mann

Torsdag fekk politiet melding om slåsting, men fann ingen kamphanar, fredag henta dei ein mann som skulle vore i fengsel.

Fann etterlyst mann
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. aug. 2014 07:11

Onsdag ettermiddag blei ein innsett i Bergen fengsel etterlyst då han ikkje hadde returnert til soning etter permisjon.

– Vi har hatt nokre følarar ute og fekk fredag morgon tips om kvar han kunne vera. Vi rykte ut til adressa og kunne ta vedkomande, ein mann i 20-åra, med tilbake til soning, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Slåsting på kaien

Torsdag kveld klokka 22.40 fekk politiet melding om slåsting utanfor Peppes på kaien.

– Vi var på staden to minutt seinare, men møtte ingen folk. Vi sonderte terrenget litt, men møtte ingen, så det er uklart kva som har skjedd og om nokon blei skadd.

Grein over bru

Fredag morgon i 7.30-tida fekk politiet melding om grein over vegen på brua over E39 ved Os brannstasjon på Moberg.

Brannvesenet fekk oppdraget med å fjerna greina.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.