Lokal | 08. feb. 2016

Fann heroin og amfetamin

Politiet var på ransaking laurdag kveld.

Fann heroin og amfetamin
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. feb. 2016 08:23

Laurdag i 22-tida var politiet på ransaking på ei privat adresse i Os.

– Det blei funne både amfetamin, heroin og hasj, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

I husværet var ein mann og ei kvinne, begge i 20-åra, begge var rusa.

I arresten

Dei to blei tatt med til Bergen for blodprøvetaking og overnatting i arresten.

Begge blei sleppt fri etter avhøyr søndag.

– Det er ikkje snakk om så store mengder, men det er likevel for mykje til at dette kan løysast med forelegg.

– Dei erkjente forholdet, så dermed går det nok mot ein tilståelsesdom i retten.

Bådde mannen og kvinna har liknande saker på seg frå før.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.