
Kulturhusvert Janne Mari Hjelle (bak i midten) er saman med oseanadirektør Kim Kristoffersen (bak t.v.) stolte over dei frivillige dei har med seg i Oseana. (foto: Andris Hamre)
- Fantastiske folk
Fredag heidra Oseana sine frivillige støttespelarar med god mat og god drikke i Griegsamlinga.
- Det blei ein veldig kjekk kveld med høg stemning rundt bordet, ein kveld der vi fekk tid til å prata saman på ein litt annan måte enn når vi står midt oppi eit arrangement, seier kulturhusvert og ansvarleg for dei frivillige, Janne Mari Hjelle.
"Mitt eige"
Felles for dei vel 20 frivillige er at dei stiller opp fordi dei har lyst, fordi dei synes det er gøy.
Som ei av dei sa;
- Eg føler jo at huset er litt "mitt" og då er det viktig at vi tar godt vare på det.
- Det har jo blitt sånn at sjølv når eg ikkje er på "jobb" så må eg sjekka at det ser bra ut på toaletta.
- Nettopp den haldninga har dei alle. Dei er ein fantastisk gjeng som stiller opp og byr på seg sjølv på ein fin måte, skryt Hjelle.
Dei frivillige er i fleire aldrar, frå midt i 30-åra til over middagshøgda.
- Nokre av dei som har vore med frå dag éin er pensjonistar som har dette som fritidssysselen sin.
- Dei er støtt blide, og stiller opp, sjølv på kort varsel, fortel Hjelle.
Treng fleire
I midten av kvar månad sender Hjelle ut ei liste til dei frivillige om kva jobbar dei treng hjelp til månaden etter.
- Dei som har tid melder tilbake til meg når det passar, og så set eg dei opp på vakt. Om dei ikkje kan ein månad så er det heilt greit.
- Eg prøver å få til slik at kvar av dei ikkje får meir enn éi vakt i månaden, men det let seg ikkje alltid gjera.
- Derfor er det suverent om fleire har lyst til å vera med, seier Hjelle, som gjerne ser at interesserte kontaktar henne i resepsjonen på Oseana eller sendar ho ein e-post.
- Det er ikkje ein hard jobb, men dei som melder seg må vera klare til å ta i eit tak, seier Hjelle.
Hjelle ser etter dei som har mykje av dei same haldningane som dei ho allereie har med seg.
- Vi ønskjer folk som har lyst til å ha det kjekt saman med andre, og som har lyst til å vera med på å presentera huset på ein god måte, avsluttar Hjelle, som saman med nokre av dei frivillige i ettermiddag tar imot til solistkonsert med "Ung Symfoni" klokka 16.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no