Lokal | 05. jan. 2015

Får 2 x langfri

Var det deilig med 14 dagar lang juleferie? Neste skuleår blir det to like lange feriar.

Får 2 x langfri
Elevane på skulane i Os, her representert ved elevar frå Os barneskule, kan klappa for lange friperioder neste skuleår (illfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 05. jan. 2015 14:12

Rett før jul vedtok Os kommune den felles skuleruta for skuleåret 2015/16. Om du syntest det var deilig med seksten dagar fri no i jule- og nyttårsvekene kan du gle deg til neste år.

Etter ei veke haustferie frå 5. til 11. oktober, kan du sjå fram til ein lang og god juleferie frå 19. desember.

Tilbake på skulen treng du ikkje vera før 4. januar 2016.

Slår påske- og vinterferien saman

Som ikkje det var nok langfri kan du sjå fram til mars.

For skuleåret 2015/16 er nemleg vinterferien og påskeferien slått saman, om enn i motsett rekkjefølgje.

Påskeferien går frå 21. til 28. mars, før den glir rett over i vinterferie frå 29. mars til og med 1. april.

Med andre ord nye seksten dagar med fri om du reknar med laurdag og sundagane i forkant og etterkant.

To langhelger i mai

Som det ikkje var nok, så er det duka for to langhelger i mai.

Torsdag 5. mai er kristi himmelfartsdag, 6. mai er det planleggingsdag i skular og barnehagar, så der fekk du ein oval weekend.

I tillegg kjem pinsen saman med 17. mai, så då blir det ny langhelg helga etter frå 14. til 17. mai.

Første skuledag 2015/16 er måndag 17. august. Siste skuledag er tysdag 21. juni 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.