Kultur | 09. mai 2009

Får det til å stemma

DeLillos har landa, men skal snart på sjøen.

Får det til å stemma
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. mai 2009 18:03

DeLillos blei litt forseinka, men er i skrivande stund godt i gang med lydprøve.

- Dette skal bli bra, seier Espen Risti hos Opus.

VIP-telt og andre telt er på plass, og i dei siste dagane har det vore travelt på telefonen til utestaden som står for skjenkinga under konserten.

- Førehandssalet er dårlegare enn før. Men det virkar som om telt og tørr asfalt nokre timar laurdag har vore til god hjelp, for det har vore mykje telefonar og folk som har kome innom i dag.

- Men det blir spennande kor mange som kjem, innrømmer Risti.

Etter lydprøven skal DeLillos få, ikkje smak av honning, men smak av sommar. Då skal dei nemleg på vorspiel i ein eksklusiv Meridian i Os hamn.

- Frukt, snittar og snacks står klart, og litt mannabrus om dei vil ha, seier Bjørn Askvik, som stiller ut for Argos Båtsenter og opnar båten sin for dei kjente artistane.

Sjå fleire bilde frå festen på midtsiden.no sundag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.