Nattklubben Empire skal opna i Telthuskvartalet, men rekk ikkje påskeaftan, som var målet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Får ikkje opna laurdag likevel

Den planlagte opninga av ny nattklubb, Empire, er utsett.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For ein månad sidan fortalde Catten Nighclub-eigar Bjarte Andersen at han har teikna leigekontrakt i Telthuskvartalet i Os sentrum.

Her skal han starta sin andre nattklubb i Os, Empire med fast aldersgrense 18 år.

• Les òg: Vil opna ny nattklubb i Os

Målet var opning påskeaftan, men sånn gjekk det ikkje.

Treng bruksendring

Andersen var nøgd med lokalet, men har etter overtaking gjort nokre justeringar og pussa litt opp.

– Vi har jobba hardt for å bli klare, og har både skjenkeløyve, klart lokale og leverandørar på plass, fortel han.

Men sjølv om det har vore drive nattklubb i lokalet av fleire ulike aktørar i ei årrekkje, har det aldri blitt gjeve løyve til bruksendring.

– Det held vi på med, men vi manglar nokre få ting. Vi har fått god hjelp av Os kommune, men rekk dessverre ikkje få papira i orden til laurdag.

Full fart på Catten

Mens han ventar på å driva to uteplassar på Os ser Bjarte no fram til påsken, som plar vera livleg på Os.

– I år blir det nok ekstra trøkk. Vi har allereie merka ei auke etter at Solsiden la ned, og når vi no ikkje får ha to plassar påskeaftan som kjem spesielt den kvelden til å bli folksam.

Programmet startar onsdag, med framskynda quiz (som er fast kvar torsdag elles i året), og trubadur torsdag, spelekveld fredag og standup og seinare livemusikk laurdag.

– Torsdag deler vi lounge og disko med 18 år på disko og aldersgrense 20 år i loungen. Også på quizen onsdag er det 18 år, elles har vi aldersgrense 20 år i påsken.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Brann imponerte ikkje

24. mai 2017

Eit offensivt Lysekloster viste lite respekt for eliteserielaget Brann i 2. runde i cupen.

bilde-midtsiden

Festen i gang

24. mai 2017

Toppskårar Kristoffer Østervold er klar til å tukta Brann. Her er laga som startar. Oppdatert: Pause i Lysefjorden

bilde-midtsiden

Nor-Mær flaggar heim til Os

24. mai 2017

Etter over 20 år med produksjon av oppdrettsanlegg flyttar Os-selskapet fabrikken til heimbygda.

bilde-midtsiden

Tre på regional talentsamling

24. mai 2017

Nora Johnsen, Stine Eide og Malene Massi Fagertun er teke ut på regional talentsamling i håndball for J2002.

bilde-midtsiden

Første del av ferjefri E39 vedtatt

24. mai 2017

E39 Ferjefri: Stortinget vedtok i går at Rogfast skal byggast. Sjå Statens vegvesen sin animasjonsvideo av heile Ferjefri E39 her.

bilde-midtsiden

Tar Lysekloster på alvor

24. mai 2017

Brann tar ikkje lett på oppgåva når dei møter Lysekloster i 2. runde i cupen onsdag kveld. – Det er eit bra lag, seier Lars Arne Nilsen.