Sport | 13. juli 2017

Feila før ferien

Både Lysekloster og Os tapte.

Feila før ferien
Gjestane Haugesund 2 jubla vilt etter 1-2-skåringa i 80. minutt. Stillinga sto seg kampen ut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. juli 2017 19:11

Både Os og Lysekloster spelte i kveld siste runde før to veker ferie, i det som teknisk sett er haustsesongens første runde.

Os spelte borte mot Spjelkavik, som dei hadde 2-2 heime mot i serieopninga. Spjelkavik leia 2-0 og 3-1 før Erik Kanestrøm reduserte til 2-1 på straffe og 3-2. Kampen enda med 4-2-siger til Spjelkavik.

Lysekloster på nest øvste plass spelte heime mot Haugesund 2, som ligg nest nedst på tabellen. Begge lag spelte måndag og vann med ti mann.

Mista leiinga

Lysekloster tok leiinga 1-0 i 2. omgang, etter nokre svake 45 minutt før pause. Heimelaget hadde ballen meir, og skapte meir, etter kvilen, men gjestane utlikna og gjekk i 80. minutt opp i 1-2.

– Vi var effektive og litt heldige, men det smaker veldig godt, spesielt sidan vi stiller med eit reint juniorlag der berre to av spelarane er sisteårsjuniorar, seier Haugesund 2-trenar Espen Langøen Bull-Tornøe.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå begge kampane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.