Sport | 24. mai 2009

Fekk bestemannspris

Heidi Kloven og John Ole Johannessen fekk Leif Bjarne Bøyums Minnefond sin bestemannspris for 2008.

Fekk bestemannspris
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mai 2009 18:34

Leif Bjarne Bøyums Minnefond har delt ut bestemannspris til Heidi Kloven og John Ole Johannessen. Utdelinga fann stad på Kuventræ før A-laget sin kamp mot Bjarg torsdag.

- Vi har delt ut denne prisen eit par gongar før. Bestemannsprisen går til spelarar som har utmerka seg positivt på trening og kamp, med fin utviking og gode haldningar, seier leiar for minnefondet Roald Stigen (midten).

Hugsa Os på Bali
Heidi Kloven, som er søstera til keeper Anders Kloven, liker seg også eit stykke bak på banen. Venstrebacken er ifølgje trenar Terje Erstad eit forbilde for dei andre på laget, med god innsats og vilje. Ho er motivert og ho er motiverande.

- Vi håpar at denne prisen også er med på å få Heidi til å hugsa adressa til Kuventræ når ho kjem heim frå reisa ho skal på, seier leiar for dameavdelinga, Henk Rozeboom.

Til hausten skal nemleg Heidi til Bali i tre månadar, før turen går vidare til Australia, der ho skal vera i to månadar. Den allereie så tynne damestallen må klara seg utan "bestemannen" i haust.

Piskar medspelarane
Trenarane til John Ole Johannessen meiner han er oppofrande for laget. John Ole er alltid i godt humør, men han piskar medspelarane. I tillegg er han flink til å ta ansvar, blant anna med å rydda etter seg og andre etter trening og kamp.

- 2008 var ein veldig kjekk sesong, med Norway Cup og Brann Cup som to høgdepunkt. Det var flott å få denne prisen, pengane går til utstyr, seier Johannessen.

Prismottakarane får kvar sine 1000 kroner i gåvekort hos Intersport Rosvold. Fondet dekkar halvparten, Rosvold den andre halvparten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.