Lokal | 12. okt. 2012

Fekk blekksprut i hummarteina

Lise Iren Sandtorv trudde teina var tom, men der tok ho feil.

Fekk blekksprut i hummarteina
Lise Iren Sandtorv med dagens fangst. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. okt. 2012 14:01

Lise Iren Sandtorv jobbar på kjemikalietankar, men også når ho har fri er ho på sjøen.

– Eg og pappa har fiska hummar i lag sidan fisket starta i førre veke, fortel Lise Iren.

– Fangsten har vore grei. I dag blei det fem hummarar, fortel ho.

Teina var ikkje tom

Men det blei ikkje berre hummar på stampen.

– Den eine teina såg først tom ut, men så såg vi at det låg ein artig kar i botnen.

Då Lise Iren tok blekkspruten utav fekk ho tentaklane rundt heile underarmen.

– Det var litt fascinerande. Eg har halde blekksprut før, på Kreta, men dei var mykje mindre. Det er første gong eg ser blekksprut her heime.

Ville gje den til Akvariet

Lise Iren og pappa Bjarte tok blekkspruten med for å høyra om Akvariet i Bergen ville ha den.

– Men den døydde dessverre i bøtta, fortel hummarfiskarane.

Som dei fleste hummarfiskarar vil ho ikkje avsløra kvar ho har teinene sine, men ho røper at det er "i nærleiken av Korsfjorden" blekkspruten blei tatt.

Les òg: Gav blekksprut i gåve

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.