
Fekk ein leksjon
Juniorlaget til Os fekk det som venta tøft mot tabelltoar Brann i tysdagens kamp på Kuventræ.
Os - Brann 1-10 (1-4)
På stillinga 0-2 reduserte Adrian Hagevik for Os, men dette blei også det siste målet til heimelaget.
Ulik juniorbruk
Medan Os sitt A-lag i stor grad består av junior- og gutespelarar er A-laget til Brann verst i ungdomsklassen (bt.no), altså når det gjeld bruk av yngre spelarar på A-laget.
Det gjer tydelegvis at det står rikeleg med unge, knallgode spelarar i Brann 2 og Brann junior.
Brann 2 leier A-laget til Os si 3. divisjonsavdeling og juniorlaget er som seniorlaget i cupfinalen for G19 (mot Rosenborg). Juniorlaget til som møtte Os tysdag framsto som raske, samkjørte og hissige framfor mål.
Låg bakpå
2. omgang starta med to raske skåringar til gjestane. Os låg lågt og fekk det travelt både framfor mål og mellom stengene. Keeper hadde fleire fine redningar, og nokre nesten-redningar der ballen blei stoppa, men så vidt vippa over ramlande keeper og inn.
Egil Thuen på topp låg på midtbanen og prøvde å snappa med seg ballen dei gongane den blei sendt fram. Med enormt rykk såg det eit par gongar ut som om han skulle klara å koma seg åleine med keeper, men sånn gjekk det ikkje.
Det såg også ut som om Os skulle klara betre målforskjell enn i vår, då dei tapte 8-0 på bortebane for Brann. Men 1-8 blei til 1-10 kort tid før slutt.
Os kan avgjera i toppen
I neste og siste kamp for sesongen møter Os serieleiar Løv-Ham på bortebane. Heimekampen enda med 0-2-tap, klarer Os å ta poeng blir Brann takksame.
Brann ligg nemleg eitt poeng bak Løv-Ham og har betre målforskjell enn serieleiaren før siste runde. Brann møter Bergen Nord (på 8. plass) heime i siste kamp for sesongen.
Os ligg no på 6. plass med 3 poeng opp til 3. plassen og 3 poeng ned til 9. og nest siste plass.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no

