Lokal | 31. aug. 2015

Fekk hjelp - og straff

Politibåten hjelpte mann med motorstopp i Os hamn. Så fatta dei mistanke om promillekjøring.

Fekk hjelp - og straff
Kjølen slepte havaristen vekk frå svaberget - og så fatta dei mistanke om promille. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. aug. 2015 07:40

Søndag i 15-tida ropte ein båtførar på hjelp i Os hamn. Han hadde kjørt ut frå Esso-stasjonen, men så fekk båten motorstopp.

Vitne prøvde å hjelpa, for å hindra at båten skulle driva på land, blant anna ved å sjøsetja ein liten båt som låg ved Oselvarverkstaden.

Men så kom politibåten gliande.

Mistenkt for promillekjøring

Kjølen slepte den havarerte båten vekk frå svaberget på austsida av hamna.

Så fatta dei mistanke om promillekjøring.

– Det er tatt blodprøve og oppretta sak, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Mistenkte, ein mann i 60-åra, er ikkje frå Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.