Direktør i OBEAS, Ottar Randa, fekk nei til å frådele 235 dekar ved Vinddalsvatnet (foto: Andris Hamre)

Fekk ikkje dispensasjon

OBEAS ville frådele eit nytt bustadområde ved Vinddalsvatnet. Det fekk dei ikkje.

image
image
Av: Andris Hamre

Plan- og bygningsutvalet (PBU) var positive til at Os bygg og eigedom AS (OBEAS) skulle kjøpa eit LNF-område på 235 dekar sør for Gaasakilen ned mot Vinddalsvatnet, men måten ein skulle løysa det på var dei ikkje sikre på.

– Det er heilt klart at vi i arbeiderpartiet er opptekne av at OBEAS skal få hand om området, men det er ei negativ innstilling i saka, då at det manglar vegutløysing mest sannsynleg gjer at ein ikkje får det gjennom. Eg er litt usikker på korleis vi skal gjera det, all den tid vi har fått klare signal på at området ikkje blir godkjent som frådelt, innleia Harald Døsen (Ap).

Tydeleg lovverk

Kommunalsjef Aina Tjosås fortalde at dei har hatt fleire slike sakar tidlegare, men at dei har fått avslag på alle.

– Det einaste vi har fått godkjend er Sjøbøhaugane. Lovverket er ganske tydeleg, ein kan ikkje dela frå når ein ikkje har avkøyrsle. Ikkje har dette området kome som innspel til kommuneplanen sin arealdel heller. Det er litt for prematurt. Eg trur det må løysast privatrettsleg i staden.

– Dette er riktige strategiske tanker framover. Spørsmålet er om det er for tidleg. Har det vore diskusjon om opsjonsavtale eller tilsvarande mellom partane. Kva er eigentleg intensjonen, eg forstår det er langsiktig, men kva er lurast å gjera. Skal vi pressa det igjennom, eller er kanskje ikkje det det luraste om vi uansett møter ei lukka dør hos fylkesmannen, kommenterte Terje Sperrevik (TVS).

Strategisk viktig område

Ottar Randa, direktør for OBEAS var til stades i møtet. For å få svar på nokre av spørsmåla politikarane hadde, heva utvalsleiar Gustav Bahus (Frp) møtet, slik at Randa kunne slippe til.

– I heile vår strategi og tankegang så ser vi heile området langs Vinddalsvatnet som kjempeflott. Vi skreiv kontrakt på dette området i mars og hadde difor ikkje moglegheiten til å spela det inn til arealplanen, men vi har dimensjonert veg og VA-anlegget i det området vi nettopp har starta å bygga ut i Gaasakilen for vidare utvikling.

– Dette er ikkje eit område vi skal bygga ut no, men eit område for dei neste generasjonane. 

– Området er strategisk viktig. Eigarforholdet er viktig. Det vil bli liggande som LNF i mange år. Vi kan gå gjennom ein privatrettsleg avtale og tinglyse ein rådighet, men for oss er det viktig i samband med finansieringa at vi kan dokumentere at vi eig det, påpeika Randa.

– Men om du får ein tinglyst avtale, vil ikkje den stå like sterkt, undra Sperrevik.

– Vi kan gå den vegen, men primært ønskjer vi å eiga det, svara direktøren.

Ny veg og kryss tåler det

Som Randa fortalde er vegen til Gaasakilen I (området i denne saka blei omtala som Gaasakilen III, då OBEAS har eit området til som går under arbeidsnamnet Gaasakilen II, mellom dei to andre områda, journ.mrk). 

– Dei 29 måla i Gaasakilen II, kor mange einingar ser du for deg, undra Bahus.

– Det er 15 mål til bebyggelse der, ei konsentrert utnytting vil kanskje vera det beste.

– Om vi seier 3 einingar per mål, så har vi 45 einingar der. Kor mange einingar kan ein sjå for seg på resten av arealet dei neste seksti åra. Du snakker ikkje under 400 einingar. Då er vi på totalt 445 einingar. Tåler krysset i Storestraumen det, fortsatte Bahus.

– Det tåler dei tala du skisserer.

– Men du har eit kryss som skal byggjast, som blir dimensjonert for heile området. Kvifor ikkje ta med den avkøyrselen i frådelinga, følgde Kristin Søfteland-Larsson (H) opp. 

– Vi har søkt om LNF der i dag, men vi kan endeleg setta nokre streker på kartet og komma tilbake til dykk, svara Randa.

– Slik eg skjønar Tjosås, så er det ufråvikeleg krav å ha tilkomst. Om du kan vise at du byggjer krysset og at området har tilkomst frå det, så har du kome overordna mynde i møte, påpeika Søfteland-Larsson, som fekk støtte frå Trine Lindborg (Ap).

– Det er eit samla PBU som ønskjer at OBEAS skal kunne sikra seg området. Søfteland-Larsson har eit veldig godt poeng her.

Må handsamast likt

Døsen følgde opp med å spørje administrasjonen om ei slik løysing ville tilfredsstille vegvesenet.

– Ja, men det er fleire krav. Det er ikkje i tråd med kommuneplanen, så de løyser eitt problem, men det er fleire.

– Her må Os kommune opptrå ryddig. Vi hadde heilt klart sagt nei til andre private aktørar. At det er fornuftig at OBEAS sikrer seg området er vi eininge om, men vi må handsame alle likt, svarte Tjosås.

Dermed enda eit samrøysta PBU med å seie nei til frådelinga, men sende eit signal til OBEAS at dei måtte spela inn området til arealplanen, sjølv om fristen for dette eigentleg var gått ut.