midtsiden

Fekk opp tempoet

Osdamene vann med 12, men ikkje før dei fekk opp tempoet i 2. omgangen.

Av: Andris Hamre Søndag, november 6, 2011 - 16:41

Medan Brann spelte cupfinale på Ullevål tok handballdamene turen til Husnes og møte med nyopprykka Kvinnherad. Før kampen låg Kvinnherad på plassen bak, berre eitt poeng etter Os.

- Kvinnherad drog tempoet ned til eit minimum og det blei ei vanskeleg oppgåve å rykke frå.

- Til pause leia vi difor berre med tre, fortel trenar Erlend Lyssand.

Satte forsvaret

I andre omgangen fekk jentene opp tempoet og løp i frå Kvinnherad.

- Vi satte forsvaret bra og spelte fint angrepsspel. Det einaste som irriterar litt er at vi kasta bort for mange ballar i våre eigne kontringar. Vi burde ha skårt minst 40 i dag.

Ein positiv ting trenaren tek med seg på ferga heim til Os er at alle utespelarane kom på skåringslista og dei slo laget nærmast seg på tabellen.

Os reiste til Husnes med berre to innbyttarar sidan Os2 speler kamp i Oshallen seinare sundag.

Kvinnherad-Os 19-31
Os sitt lag: Eva Kristiansen, Madeleine Hjertnes 7, Elise Hjelle 6, Emilie Hjertnes 6, Tonje Hjertnes 4, Hilde Kristine Røttingen 3, Irene Tangerås 2, Trine Balland 2, Line Borsholm 1.

Os ligg med sigeren framleis på 2. plass bak suverene Fana.

SJÅ TABELL

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11