Eva Kristiansen og Vibeke Ingebrigtsen utgjer eit godt målvaktsteam for Os sine handballdamer (foto: Andris Hamre/Kjetil Vasby Bruarøy)

Fekk smaka eigen medisin

Damelaget til Os Turn vann eitt poeng i serien mot Kjøkkelvik og blei løpt over av 3. divisjonslaget Førde i BA-cup.

Av: Andris Hamre Tirsdag, januar 10, 2012 - 09:43

Handballdamene til Os Turn hadde ei travel helg med to bortekampar. Først seriekamp mot Kjøkkelvik i Olsvik før turen gjekk til Førde og kvartfinale i BA-cup.

- Det blei ei tøff helg kor vi fekk smaka vår eigen medisin med kontringar, oppsummerer trenar Erlend Lyssand.

Vann eitt poeng

I serieoppgjeret mot Kjøkkelvik kom Osdamene best i gang og leia heile første omgangen med 2-3 mål.

- Kjøkkelvik møtte oss med eit offensivt forsvar, men jentene var flinke og gjennomførte dei klare avtalene vi hadde lagt på førehand slik dei skulle.

- Vi står godt i forsvar, men klarer likevel ikkje å unytte det som har vore vår sterke side i fleire år, nemleg kontringane. Difor klarar vi ikkje å rykke frå, forklarar Lyssand.

I andre omgangen begynner Os å stange mot det offensive Kjøkkelvik-forsvaret og avtalane som satt i første omgangen begynnar å skrante.

- Vi gjer for mange tekniske feil, noko som gjer at Kjøkkelvik får kontra på oss og ta over leiinga.

Fire minutt før slutt leiar Kjøkkelvik med to mål.

- Når Hilde Kristine (Røttingen, journ.mrk) set inn utligninga til 25-25 10 sekund før full tid føler vi at vi vinn eit poeng, seier Os-trenaren.

Kjøkkelvik-Os 25-25
Os sitt lag: Eva Kristiansen, Vibeke Ingebrigtsen, Irene Tangerås 5, Madeleine Hjertnes 4, Tonje Hjertnes 3, Hilde Kristine Røttingen 5, Line Borsholm 2, Trine Balland 3, Elise Hjelle 2.

Os ligg framleis på ein sikker 2. plass bak suverene Fana.

SJÅ TABELL

Blei løpt over

Sundagens kvartfinale i BA-cup mot 3. divisjonslaget Førde hamnar i mykje av det same sporet som Kjøkkelvik-kampen.

Osdamene møter eit tøft forsvar som framprovoserar tekniske feil frå Os si side.

- I denne kampen blir vi rett og slett løpt over.

- Jentene viser ein fantastisk moral og kjempar på harde livet, men vi får det berre ikkje til og det blir ein heilsvart dag, oppsummerar Lyssand frå kampen som endte med 10-målstap 16-26.

To solide keeperar

Landslagsaktuelle Eva Kristiansen har igjen fått selskap av Vibeke Ingebrigtsen til å vakte Osburet. Ingebrigtsen har vore ute ei periode med kyssesjuken og har måtte sjå siste del av haustsesongen frå tribuna.

- Eg er heldig som trenar å ha to så gode keepere.

- Eva står godt, og når Vibeke slepp til så stengjer ho rett og slett buret, skryt Lyssand.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11