Næringsliv | 25. feb. 2015

Fekk suksess med facebook-stunt

Firedobla antal følgerar på to veker. Tysdag starta kampanjen å leva sitt eige liv.

Fekk suksess med facebook-stunt
Facebook-kampanjen til Bjørnefjorden byrja tysdag å leva sitt eige liv (foto: Andris Hamre/skjermskot frå facebook)
Andris Hamreonsdag 25. feb. 2015 10:37

Dagleg leiar på Bjørnefjorden Gjestetun, Eyolf Doksæter, sat i fjor haust på seminar om bruk av sosiale medier, mellom anna facebook, då han fann ut at han ville gjera eit lite prøveprosjekt.

25. september la han ut eit bilete frå hotellet kor han lovde ei overnatting for to om dei nådde 800 følgarar på facebooksida.

– Det blei ein særs god respons.

– I løpet av to veker gjekk vi frå 229 til over 1000 likes.

– Samenlikna med dei andre som var på kurset var det heilt enormt. Der dei fekk ein og to likes, fekk vi både fem og ti, fortel Doksæter.

Då målet var nådd blei vinnarar kåra, både av overnatting og sundagsbuffeter.

51 delingar i går

I går, tysdag, byrja plutseleg bilete å dukka opp att på Midtsiden sin nyhetsstraum på facebook. Ein kikk på kommentarfeltet til bilete tydar på at den har blitt delt og kommentert minst 51 gangar i løpet av det siste døgnet.

– Denne gongen er det ikkje vi som står bak.

– Det er tydeleg at ei slik kampanje lever sitt eige liv, men diverre må eg skuffa dei som har delt bilete denne gongen.

– Det vankar ikkje fleire overnattingar no, men vi kjem til å gjera nye ting i sosiale medier framover, lovar den daglege leiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.