Sport | 11. mai 2009

Fekk tips av Scheie

Joakim Randa Berthelsen vil bli sportskommentator. Fredag fekk han tips av "schefen sjølv".

Fekk tips av Scheie
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. mai 2009 21:05

Bildeserie:

1 av 3

Organisasjonen MOT inviterte saman med Os kommune 9. klassingane i bygda til å skriva om eit mål eller ein draum dei har.

- Eg er veldig interessert i fotball, og har lett for å hugsa fakta og statistikk. Å jobba som sportskommentator verkar veldig interessant, og er noko eg trur eg hadde passa til, fortel Joakim, som sjølv er aktiv på gutelaget til Os.

Unge Berthelsen hadde den beste søknaden, og fekk fredag ein draumestart på vegen vidare mot målet sitt.

På radio og TV
Etter at det blei kjent at han skulle møta Arne Scheie fatta fleire NRK-redaksjonar interesse for Joakim.

- Onsdag blei han intervjua av radiokanalen NRK Hordaland, torsdag var han på Sveip på NRK 2, fortel fagleg leiar for førebyggande tenester i Os kommune, Reidar Dale.

Les meir om MOT her.

- Hos Sveip blei eg utfordra til å kommentera eit klipp på direkten. Det gjekk veldig fort, så det var vanskeleg, seier Joakim.

Sjå Joakim på Sveip (16 minutt ut i sendinga).

Takka nei til omvising
Vel framme på Majorstua spurte Arne Scheie om gjesten ville ha ei omvising først, eller om dei berre skulle setja seg ned og snakka fotball.

- Eg svarde at eg berre ville snakka fotball. "Det vil eg òg. Eg måtte berre sjekka kva type du var, sa Scheie".

- Kva lærde du av Scheie?

- Han sa at det var viktig å førebu seg, og å vera engasjert. Det er også viktig å halda interessa oppe, slik at ein har grunnlag for å gjera ein god jobb.

Lærde også frå seg
Osingen hadde også nokre fakta som Scheie kunne læra av.

- Eg kan litt om skotsk fotball, laget Robbie Winters no spelar for og kor mange mål han har skåra for klubben. I tillegg gav eg Scheie litt informasjon om dansk fotball som han ikkje hadde frå før, ler Joakim.

Etter fotballpraten var det lunsj på kantina, og på Majorstua møtte han fleire kjente ansikt.

- Eg såg Linn Skåber, som verka som om ho var minst like masete som på TV. Og så sat Dan Børge Akerø ved same bord som oss.

- Er Dan Børge interessert i fotball?

- Ja, han har spelt for Viking sitt juniorlag. Han fortalte at Scheie ein gong har sagt at han berre spelte éin juniorkamp, men det viste seg at Akerø var toppskårar for laget.

- Vi sat på eit bord innerst i kantina, eit "veteranbord", der kollegaene hadde mykje intern humor. Det var ein veldig morosam tur, seier Joakim Randa Berthelsen.

- Kva er det neste du vil gjera for å nå målet ditt?

- Eg vil prøva å koma inn på juornalisthøgskule, det trur eg er ein god start. Og så vil eg prøva å få meg litt relatert arbeidspraksis.

Neste gong midtsiden.no og Varde Film & Media filmar fotballkamp på Os, kan det henda at Joakim blir å høyra som kommentator.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.