Lokal | 14. mai 2015

Fekk torsk på 12 kilo utanfor stovedøra

– Eg kunne visst spart meg for roturen til Sandholmane i dag, seier John Lepsøy.

Fekk torsk på 12 kilo utanfor stovedøra
John Lepsøy med dagens fangst, ein torsk på 12 kilo tatt 50-60 meter frå altanen der kona Margun sto med fotoapparatet.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mai 2015 19:31

John Lepsøy held framleis på med fiske frå robåt utanfor Os hamn.

Men dagens fangst, som skjedde ved eit uhell, kunne han nesten tatt frå altanen.

Han bur ytst i Vindu mot Fjorden-komplekset og dagens 12 kilo tunge fangst blei tatt rett utanfor moloen 60-70 meter frå bryggekanten.

– Skulle berre sula opp snøret

– Eg hadde rodd meg ein runde på fjorden, utom fluene rundt Sandholmane, men det var lite fangst, fortel den spreke 82-åringen.

I tom båt rodde han inn igjen mot Os hamn, men utanfor moloen på Steinneset kasta han ut snøret.

– Snøret låg laust i båten, eg skulle berre kasta det ut for å få det inn igjen på sula.

Så hogg det til.

– «Dæken», tenkte eg, «no sette eg makkane fast i botnen». Men så merka eg at det tunge eg hadde på kroken gav etter, og lurte på om det kunne vera ei teine som hang på.

Då fangsten var nærmare overflata såg han at det var ein fisk, ikkje ei teine.

Ved skutesida låg det plutseleg ein torsk som viste seg å vera 12 kilo tung. Med makken laust i kjeften.

– Eg tok tak i han og fekk vippa den varsamt om bord, seier John, svært nøgd med enden på dagens fisketur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.