Kultur | 20. jan. 2012

Fem kjappe med Staalesen

Kva er dei viktigaste ingrediensane i ein litteraturfestival og kvifor engasjerer Varg Veum-forfattaren seg i Os?

Fem kjappe med Staalesen
Gunnar Staalesen på Bjørnefjorden Gjestetun onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. jan. 2012 06:26

I år får Os sin første litteraturfestival, onsdag var forfattar Gunnar Staalesen på tankerangling, eller brainstorm om du vil, med arrangørane og andre inviterte.

Les òg: Engasjert samling om ny festival

Vi fekk nokre ord med den kjente krimforfattaren før han reiste heim igjen til Bergen.

1. Kva er ditt forhold til litteraturfestivalar?

– Eg har eit veldig positivt forhold til litteraturfestivalar, til det å treffa publikum og forfattarkollegaer. Det har vist seg, særleg dei siste 10-15 åra, at bokbad er populært. Ein litteraturfestival er som ei samling av fleire bokbad, saman med andre delar av programmet, ut frå kva dei ulike arrangørane legg vekt på.

– Eg har vore på fleire litteraturfestivala, både i Noreg og i utlandet. I det siste har eg vore årleg på ein av dei franske litteraturfestivalane, og eg har vore på to ulike krimfestivalar i Noreg, både i Førde og i Kongsberg.

2. Kva bør ein god litteraturfestival innehalda?

– Hovudelementa er gjerne bokbad, altså at det er lagt til rette for samtalar med forfattarar. Opplesing er også vanleg, og intervju med forfattarar, gjerne to-tre samstundes, der forfattarane sit på scenen og diskuterer ulike tema, leia av ein intervjuar. Publikum kan gjerne også bli involvert.

– I Os vil arrangørane laga ein festival for eit breidt publikum, at dei får med både yngre og eldre. Det trur eg er lurt, at festivalen har noko for alle.

– Alle festivalar har sin atmosfære. Omgjevnaden er i stor grad med på å påverka denne atmosfæren. Os har mykje fin natur, og med dei rette lokala vil mykje vera lagt til rette for ein god festival.

3. Kvifor engasjerer du deg i Os?

– Eg synes saka er interessant, dette er ei flott tiltak! Og så har eg eit godt forhold til Frode Sirevåg og Vidar Bratlund Mæland frå før, seier forfattaren.

Frode og Vidar er saman med kjetil Fossåskaret initiativtakarane til festivalen. Vidar har blant anna laga Varg Veum-skulptur i bronse, eit oppdrag som gjorde at han blei endå betre kjent med Staalesen.

– Mora til Vidar, barnebokforfattar Bente Bratlund, kjenner eg også godt.

4. På kva måte vil du engasjera deg i WT Filmfestival?

– I første omgang vil eg representera forfattararne, dela av mine erfaringer og koma med idear og tips til arrangørane.

– Det kan også henda at eg dukkar opp på festivalen, men programmet for festivalen er ikkje spikra no, så det veit eg ikkje sikkert.

5. Korleis blir litteraturåret 2012 for deg?

– Eg held på med ei til bok om Varg Veum. Tittelen har eg ikkje enno, det er sånn som kjem seinare.

– Eg har kome cirka halvvegs i første utkast, planen er å ha boka klar til hausten, seier Gunnar Staalesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.