Lokal | 21. jan. 2015

Ferje kolliderte med lastebåt

Halhjem-Våge er ute av drift etter samanstøyt på Tysnes.

Ferje kolliderte med lastebåt
Selbjørnsfjord skulle legga til kai på Våge då ho bomma på kaien og kjørte inn i ein lastebåt. (Foto: Ole Johannes Støle, Tysnesingen.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. jan. 2015 13:33

Bildeserie:

Båten Tennås blei skadd, men skal ikkje ta inn vatn. (Foto: Ole Johannes Støle, Tysnesingen.no)
Båten Tennås blei skadd, men skal ikkje ta inn vatn. (Foto: Ole Johannes Støle, Tysnesingen.no)
1 av 1
Båten Tennås blei skadd, men skal ikkje ta inn vatn. (Foto: Ole Johannes Støle, Tysnesingen.no)

Ferja Selbjørnsfjord kjørte onsdag inn i ein lastebåt då ho skulle legga til land på Våge onsdag.

Ulykka skjedde klokka 12.10 og årsaka skal ifølgje Tysnesingen.no vera akutt teknisk problem.

–Det var 19 passasjerar i ferja då ulykka skjedde. Ingen blei skadd og alle kom seg i land, seier administerende direktør i Fosen Namsos Sjø, Grethe Fuglem Tennås, til Midtsiden.

I lastebåten har fått større skader, men skal ikkje ta inn vatn. Ingen av dei fem som var om bord skal vera skadd.

Set inn reserveferje

Ferjesambandet er ute av drift, men «MF Marstein» er på veg for å bli sett inn som reserve.

– Det er uvisst kor tid Marstein er i drift. Nett no ventar vi på klarsignal frå Sjøfartsdirektoratet på flytting av Selbjørnsfjord, at vi får den vekk frå ferjekaien på Våge, seier Tennås.

Årsaka til ulykka er førebels uvisst.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.