Kultur | 29. okt. 2014

Fest og artistslepp

I førre veke kom festivalpassa for sal, fredag blir det artistslepp under ein fest for dei som jobba dugnad festivalhelga.

Fest og artistslepp
Desse damene jobba dugnad backstage i årestegarden under Osfest. Fredag er dei, med 300 andre, invitert til fest i Kløvertun. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. okt. 2014 08:01

– Vi lovde å halda ein fest for dei som jobba som frivillige under festivalen, og det er ein stor og god gjeng å samla, seier Tor Egil Hylland.

Saman med Osfest-partnar Ole Reinert Berg-Olsen har han booka Kløvertun (Sanitetshuset) til frivilligfesten, og over 100 av dei 310 som stilte opp gratis på den første Osfest-helga 1. og 2. august i år har meldt seg på.

VIDEO: Sjå Osfest på 7 minutt

– Osfest spanderer mat, drikke til maten og musikken. Vi har fått med oss Marie Kristin Dale og MK's Marvellous Medicine til å spela. Dei sto også for musikken då vi arrangerte for Statsraad Lehmkuhl under besøket i Os i juni.

Har booka fire band

Måndag i førre veke blei festivalpassa lagt ut for sal, til noko reduserte prisar no i starten.

Fredag slepp Osfest dei to første namna til festivalen 31. juli og 1. august 2015.

– Vi har signert kontrakt med fire band, og er nær kontraktskriving med fleire. Men fredag nøyer vi oss med å sleppa to av desse, fortel Hylland.

– De har spurd osingane om ønskje. Korleis har responsen vore og kva har de lytta til?

– Vi kjem til å ha ungdomen meir i tankane når vi bookar, i tillegg har vi bestemt oss for å halda fram med fri entré for dei under 13 år i tillegg til at vi halverer prisen for ungdom frå 13 til 18 år.

Osfest 2015 vil også by på jazz på dagtid i Oseana Kafé og Restaurant og dei vil neste år selja VIP-billettar til eige telt, teltet som i år berre var ope for sponsorar. No kan kven som helst kjøpa tilgang til teltet, der det også blir eigne intimkonsertar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.