
Festlege Telthusplassen
Konserten med Vegard Skorpen Band og ORBO & The Longshots blei ein suksess. Vi har ikkje fått tak i talet på selte billettar, men det såg ut til at teltet som rommar maks 600 gjestar, var fullt nok.
Stemninga var også svært god, etter ein fin dag med familien i sola var mange vaksne klar for litt fest.
Vegard Skorpen Band varma opp eit ganske fullt telt med to sett kjente slagarar, ORBO & The Longshots overtok scenen rundt klokka 23.40 og vite igjen kor stort og godt publikum han har i det som har vore heimbygda hans sidan artistkarriera byrja for alvor.
Telthusplassen viste seg også som ein glimrande plass for slike arrangement. I le for vind ved idylliske Baronselva gav den ei fin ramme på ein stemningsfull kveld.
Sjå video frå Vårsleppet, aktivitetar på dagtid og konserten laurdag kveld:
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no