Sport | 03. juni 2013

Fire gull og to sølv

Ariel Braathen er blant landets beste symjarar i si klasse, i helga tok ho fire gull og to sølv i Stavanger. På 200 meter fri persa ho med nær 8 sekund.

Fire gull og to sølv
Ariel Braathen har all grunn til å vera nøgd med eigen innsats i Stavanger (privat MMS-foto)
Andris Hamremandag 03. juni 2013 11:25

Det unge symjetalentet Ariel Braathen frå Os svømmeklubb har planane for sesongen klare. Ho vil kvalifisera til det internasjonale Nordsjøstevnet i Stavanger til hausten.

– Bassenget i Stavanger har litt spesielle forhold.

– For å få ein målepinne på kordan ho ligg an i høve kvalifiseringtidene deltok ho på Stavanger TYR Open i det same basseng i helga, fortel far Bjørn Arne Braathen.

Ho er allereie kvalifisert til sju øvelsar under det internasjonale stemnet, men tek sikte på å klara kvalifiseringskrava til enno tre øvelsar.

Fire gull og to sølv

Ungjenta frå Søfteland (fødd i 1999) gjorde eit særs bra stemne. Fleire av tidene til hennar er blant dei beste tidene i Noreg for årsklassa. Sjå berre her:

50 meter butterfly: Gull med tida 32,47 (10. beste tida i Noreg)
50 meter fri: Gull med tida 29,69 (16. beste tida i Noreg)
200 meter fri: Gull med tida 2.17,79 (11. beste tida i Noreg)
100 meter medley: Gull med tida 1.11,35 (5. beste tida i Noreg)
50 meter bryst: Sølv med tida 37,12 (8. beste tida i Noreg)
100 meter bryst: Sølv med tida 1.22,12

– Ho er verkeleg i støtet om dagen, jublar faren etter at dottera satte ny personleg rekord på 100 meter medley, 50 meter fri og 50 meter bryst.

– På 200 fri persa ho med nesten 8 sekund!

– Ariel har satt seg høge mål, men dei trur eg ho kjem til å nå, avsluttar Bjørn Arne Braathen med eit smil.

Også bror Sebastian Braathen (fødd -97) gjorde gode konkurransar i bassenget med sølv på 50 meter bryst (34,83), bronse på 100 meter bryst (1.15,26), 4. plass på 50 meter butterfly (29,36) og sjuande plass på 50 meter fri (28,15).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.