Os kunne feira 1-0-leiing allereie tre minutt etter start. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Fire (!) mål av Hafsås sikra revansje over Lysekloster

Os tok leiinga i tredje minutt og sto i andre omgang imot eit massivt press for å dra sigeren i land.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os-Lysekloster, direktesendt på Eurosport, framfor rundt 700 tilskodarar, blei minst like spennande som vanleg.

Dei sju første lokaloppgjera dei siste fire åra har enda med tre uavgjorte og kvar sine to sigrar. Men sist Os slo Lysekloster var i 2014, oppgjeret i vår enda med 2-0-siger til dei kvite og blå.

– Eg tippar 3-1 til Os. Viss ikkje dei vinn går eg heilt i kjellaren, då må i alle fall Brann vinna i kveld. Eg fryktar Østervold og så trur eg Lysekloster har 3. divisjon sin beste keeper. Det er i grunnen synd at ikkje Kjetil Hansen speler på Os. Eg saknar òg tida då folk frå Os og folk frå Lysefjorden heia på same lag, sa supportar Brynjar Øvstedal.

Bjørn Kollen frå Lysekloster trudde Os ville ta leiinga, men at gjestane ville vinna 1-2.

Os - Lysekloster 4-3 (2-1)
Målskårarar: Christoffer Hafsås (3., 34., 53. og 90.), Ole Thomas Herrem (5.), Stian Dyngeland (66.) og Denis Ljubovic (91.).

Os gjekk opp i leiinga då Hafsås sette inn 1-0 på straffe etter sjølv å ha blitt felt på ein corner. Lysekloster svarte umiddelbart, Herrem utlikna i 5. minutt.

Første omgang blei ei fartsfylt og jamn framsyning der begge lag spelte med høg intensitet og skapte fleire sjansar. Laga hadde annakvar timinuttsperiode, der Os var best første ti, Lysekloster neste. Os tok leiiinga igjen ti minutt før slutt, gjestane avslutta omgangen med fem cornarar på to minutt.

Både på tampen av første omgang og nærmast heile andre omgang fekk unge Thomas Hille, som har vore skadd sidan januar og nettopp fått sine første kampar, vist kva han kan.

Ein omgang under press

Lysekloster var frampå i opningsminuttet av andre omgang, men skotet gjekk utanfor. Så kom Hafsås på løp igjen, men fekk ballen for langt frå seg minuttet etter.

Dette blei ein av få sjansar til heimelaget etter pause, likevel blei det to mål til.

– Os hadde ikkje sjanse til å halda følgje med oss. Vi skaper enormt med sjansar, har fleire mål annulert for offside og skyt i både stang og tverrligger. Eg synest rett og slett det er utruleg at vi ikkje vinn denne kampen, seier ein skuffa Ruben Hetlevik etter kamp.

Os-kaptein Marius Mikkelsen innrømmer at det byrja å ta på kreftene å stå imot eit lag som jaktar utlikning.

– Lysekloster fekk bretta ut spelet sitt så det blei vanskeleg for oss å vinna ballen igjen. Vi var trøytte, nokre av oss med litt lite kamptrening den siste tida, og vi var for lite konsentrerte og rolege då vi hadde ball. Det er nettopp dette Lysekloster er gode på, å snu kampen og avgjera mot slutten, no er eg glad og nøgd med at vi hindra dei dette, seier Mikkelsen.

I 53. minutt sette Hafsås inn 3-1. Lysekloster svarte i 66. minutt og heldt fram med å pressa Os.

Os gjekk opp i 4-2 på overtid, etter ei fin pasning av Øystein Takle Eide, men også då blei gleda over tomålsleiing kortvarig. Lysekloster reduserte minuttet etter, og det blei fire minutt med kniving før dommaren, som hadde lagt til fire minutt, i 95. minutt, på kast til Os, bles av kampen.

– Skulle du ønskt at Os fekk til meir av spelet sitt etter pause?

– Ja. Men dette er det tyngste i fotball, uansett nivå, å leia med eitt mål, å våga å spela spelet sitt mens motstandarane jagar utlikning.

– No er eg stolt over at gutane tok leiinga gang på gang og sto imot presset til kampen var over, seier Os-trenar Ørjan Håland.

Begge trenarane hyllar eit godt publikum på tribunen og den fine ramma på kampen.

Skade og karantene

Rafael Villén blei skadd i kampen og måtte bytast ut. Han såg ut til å misforstå bytet og blei verande på banen, noko han i 81. minutt fekk gult kort for. Så sette han seg på sidelinja ved benken og blei løpt ned av linjedommar, noko som førte til ein hovudskade. Villén blei henta med ambulanse etter kamp.

Både Villén og Cardoso får karantene etter å ha fått gule kort i kampen. Hafsås fekk også gult, for å feira mål nummer tre i bar overkropp. Hille fekk gult kort for å, i 92. minutt, å drøya tida.

På Lysekloster var det berre Mujcic som fekk gult kort. Han fekk åtvaringa for å ta eit frispark då dommaren hadde bedt han venta.

Os: Thomas Hille - Endre Brenne, Ole Martin Lekven Kolskogen, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Marius Mikkelsen, Hassan El Fakiri, Rafael Villén Villén (Alexander Dale) - Torkel Hjertnes (Øystein Takle Eide), Erik Kanestrøm (Skage Simonsen Lehland) og Christoffer Hafsås.
Innbytarar: Anders Fossen Lunde, Alexander Dale, Øystein Takle Eide, Anders Havsgård, Torgeir Lunde, Skage Simonsen Lehland, Enrique Crespo Søvik.

Lysekloster: Kjetil Hansen - Mirza Mujcic, Thorvald Modahl Trætteberg, Denis Ljubovic, Stian Dyngeland - Sigve Rørstad, Espen Birkeland, Hans-Christian Nysæther, Ole Thomas Herrem - Kristoffer Østervold og Vladan Radojkic.
Innbytarar: Frode Moberg Øvredal, Tshizang’S-Kapinga Brazy, Ken-Joar Føyen, Kasper Hjørngaard, Håkon Fagerbakke Kvittingen og Joachim Haugland Bjånesøy.

TERMINLISTE OG TABELL

Os speler neste kamp borte mot Varegg, som i denne runden har tapt for botnlaget Fjøra. Lysekloster speler borte også neste runde, då mot Fyllingsdalen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.