Lokal | 11. des. 2016

Fjellheim-saka rullar vidare

Fylkesmannen sender igjen reguleringssaka Fjellheim tilbake til kommunen. Kritiserer kommunen for sakshandsaminga og meiner Foreninga Bevar Fjellheim har klagerett.

Fjellheim-saka rullar vidare
Kommunen må igjen gjera ei ny vurdering av klagen frå foreninga Bevar Fjellheim (arkivfoto: KVB)
Andris Hamresøndag 11. des. 2016 09:36

I eit brev til kommunen opphevar fylkesmannen delar av reguleringsplanen for Os sentrum Vest.

– Med unntak av felt BB2, BB3 og BB4, stadfestar Fylkesmannen i Hordaland Os kommunestyre sitt vedtak av 16.06.2015, i sak 56/2015, om godkjenning av områderegulering for Os sentrum vest.
– Fylkesmannen opphevar reguleringsvedtak for så vidt gjeld område BB3 og BB4, og sender saka tilbake til Os kommune for vidare handsaming.
– For område BB2 sender vi saka tilbake til kommunen for handsaming av klagen frå Foreningen Bevar Fjellheim, heiter det i vedtaket frå Fylkesmannen.

Ikkje part, men rettsleg klageinteresse

I juni avviste plan- og bygningsutvalet at foreninga hadde klagerett i saka. Dette er ikkje fylkesmannen samd i.

I si vurdering kjem fylkesmannen fram til at foreninga Bevar Fjellheim ikkje er part i saka, men at den har rettslig klageinteresse.

– Foreininga har vore aktive i heile planprosessen. Ho har gitt høyringsuttalar i samband med at reguleringssaka var ute til høyring og offentleg ettersyn. Ho har også stått bak eit innbyggjar- initiativ som vart handsama av Os kommunestyre i 2013, der føremålet var å gjere om kommunestyret si avgjerd frå 2008 om å selje Fjellheim. Foreininga samla då inn kring 4000 underskrifter frå folk som ønskte bevaring. Ho la også fram konkrete planar for utbetringar og drift av bygget. At Foreininga har eit langsiktig mål om å drive Fjellheim, og ikkje berre å motarbeide reguleringsplanen, tilseier at dei ikkje er ei ”døgnfluge” av ein ad hoc-organisasjon. Omsynet til kor viktig denne saka er for folk i lokalsamfunnet, er også vektlagt av Fylkesmannen.

Har kulturminneverdi

Fylkesmannen slår vidare fast at Fjellheim har kulturminneverdi og at det ikkje er andre partar enn foreninga som har teke denne ivare.

– Det er ikkje tvil om at Fjellheim har kulturminneverdi. Det har mellom anna kome fram av Hordaland fylkeskommune sine uttalar i løpet av reguleringsprosessen, der det tydeleg er rådd ifrå å rive Fjellheim. I ettertid av planvedtaket har også Fortidsminneforeningen engasjert seg i saka. Fjellheim står no på deira nasjonale «raudliste» over verneverdige bygg som står i fare for å gå tapt. Fortidsminneforeningen har likevel ikkje til no hatt noko aktivt lokallag i Os. Ho kom difor ikkje med uttalar i løpet av planprosessen. Fjellheim har tidlegare vore eigd av Os Musikkforeining og Os Turnforeining. I 1989 overtok Os kommune som eigar. Dei siste fem åra har huset vore stengt. Det er såleis ikkje leigetakarar eller andre interessegrupper som i denne saka utgjorde eit naturleg talerøyr for å bevare Fjellheim. Foreininga synest i denne saka å vere den einaste aktuelle klagaren. Etter Fylkesmannen sitt syn talar omsyna til retts- tryggleik og overordna kontroll med kommunal forvaltning for at Foreininga i dette tilfellet får klagerett.

Får kritikk for sakshandsaminga

Kommunen får kritikk frå fylkesmannen på korleis dei har handtert klagene frå foreninga undervegs i prosessen.

– Oppsummeringsvis er det likevel Fylkesmannens syn at kommunen og plankonsulenten sine vurderingar kring merknadene frå Foreininga har vore knappe. Ein kan difor stille spørsmålet om kommunen i plansaka har gjort reelle og fullstendige vurderingar kring det klagarane har gjort gjeldande når det gjeld kommunen si sakshandsaming, og av Fjellheim sin verdi som kulturminne og samfunnshus.

– Prosessen i denne saka, der kommunen er både grunneigar, tiltakshavar og reguleringsstyresmakt, medfører etter Fylkesmannens syn at det er særleg viktig at sakshandsamingsreglane vert følgde.

– I dette tilfellet ønskjer difor Fylkesmannen at kommunen skal ta ei sjølvstendig vurdering av det som Foreininga har gjort gjeldande i klagen sin. På den måten vil ein få ei reell handsaming av dei rettslege spørsmåla som saka reiser i to instansar.

– Fylkesmannen kan på denne bakgrunnen ikkje sjå at vi kan stadfeste reguleringsvedtaket utan at kommunen først har handsama klagen frå Foreininga. Vi sender difor klagen frå Foreininga tilbake til kommunen for realitetsbehandling etter forvaltningslova § 33. Det fører til at vi ikkje har stadfesta planen for område BB2 enno. Denne delen av planen må framleis reknast for å vere under klagehandsaming, heiter det i brevet frå fylkesmannen som sender saka tilbake til kommunen for ny handsaming.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.