Kultur | 09. des. 2016

Fjøsnissen møtte yetien

Sjå 6 minutt av den flotte, siste framsyninga om Fjøsnissen Borg.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. des. 2016 12:09

Onsdag gjekk tredje og siste kapittel om Fjøsnissen Borg av stabelen i Oseana.

Mellom 770 og 800 gjestar, fordelt over to framsyningar, fekk med seg slutten på eventyret som Jon Søfteland Sæbø, lørar ved Os og Fusa kulturskule, har skrive tekst og låtar til.

I alt rundt 150 elevar, 80 dansarar, 50 elevar på instrument og fleire gode vokalistar - sørgja saman med fleire flinke vaksne for at Borg kom seg heim frå Nepal til Os på ein elegant, men langt frå farefull måte.

Midtsiden kjem tilbake med ein stor bildeserie og meir om framsyninga i ein eigen sak.

VIDEO: Over ser du den halvannan time lange framsyninga komprimert til knappe 6 minutt.

Midtsiden har følgt heile trilogien - sjå video frå del 1 i 2014 og del 2 i 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.