Lokal | 28. okt. 2015

Fleire funn på Storum: Her er hovudet på kvalen

Geologar, forskarar og studentar boltrar seg på Storum, og meiner å kunna bestemma både art og tidsepoke for det svært sjeldne funnet.

Fleire funn på Storum: Her er hovudet på kvalen
Kåre Odland har funne endå meir. Her er truleg resten av hovudet på det som ser ut til å vera ein 13.000 år gamal grønlandskval. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. okt. 2015 13:11

Bildeserie:

Gravinga på Storum held fram. (Foto: KVB)
Gravinga på Storum held fram. (Foto: KVB)
Forskar Anne Karin Hufthammer seier dette er det største funnet av denne typen nokosinne. (Foto: KVB)
Forskar Anne Karin Hufthammer seier dette er det største funnet av denne typen nokosinne. (Foto: KVB)
Geolog John Inge Svendsen viser fleire funn. (Foto: KVB)
Geolog John Inge Svendsen viser fleire funn. (Foto: KVB)
Desse skjela veks i dag ikkje sør for Lofoten. (Foto: KVB)
Desse skjela veks i dag ikkje sør for Lofoten. (Foto: KVB)
Hufthammer har finne fiskebein og planterestar. (Foto: KVB)
Hufthammer har finne fiskebein og planterestar. (Foto: KVB)
Professor i geologi Jan Mangerud hadde med seg studentar. (Foto: KVB)
Professor i geologi Jan Mangerud hadde med seg studentar. (Foto: KVB)
Her vider han kor langt ut isen låg då kvalen døydde. (Foto: KVB)
Her vider han kor langt ut isen låg då kvalen døydde. (Foto: KVB)
Studentane fekk også grava i leira. (Foto: KVB)
Studentane fekk også grava i leira. (Foto: KVB)
Kåre Odland har no lasta dei siste beinrestane i bilen for transport til Bergen. (Foto: KVB)
Kåre Odland har no lasta dei siste beinrestane i bilen for transport til Bergen. (Foto: KVB)
Han må grava varsamt ut veka. (Foto: KVB)
Han må grava varsamt ut veka. (Foto: KVB)
1 av 10

Det var torsdag i førre veke at enorme beinrestar blei funne i samband med utviding av Lepsøyvegen.

Naturhistorisk Museum ved UiB blei varsla via fylkeskommunen og vegvesenet, og i går starta gravearbeidet igjen, men med overvaking av forskar og geolog.

Fleire delar og andre artar

I går og i dag blei det gjort fleire funn på staden.

Dei store beinrestane som blei funne i førre veke er ikkje ribbein, men kjevebein frå ein stor kval.

No er resten av delane og snuten, truleg heile hovudet, funne.

I tillegg er det funne ulike skjell, skjell som i dag ikkje gror sør for Lofoten, og ulike fiskebein, blant anna frå torsk. Mens Midtsiden var på staden blei det òg funne restar av ei fjellplante (!).

Eit stort og spesielt funn

Forskar og ekspert på kval, Anne Karin Hufthammer frå Naturhistorisk museum seier funnet er spesielt av fleire årsaker.

– Vi har beinrestar av mange kvalar frå før, ei av dei største samlingane i verda. Men vi har ikkje grønlandskval.

– Vi har heller ingen heile skjelett, men no ser det ut som om vi har funne omtrent heile hovudet på denne kvalen.

Ho var glad då det endeleg kom midlar til renovasjon av Naturhistorisk Museum, som no er stengt fram til 2019, og ser fram til å opna.

– Dette er det største funnet nokosinne, heilt frå vi i 1920 byrja å registrera funn. Denne kvalen kan nok koma til å få ein heidersplass i den nye utstillinga, seier Hufthammer.

13.000 år gamal grønlandskval

Alt tyder til no på at beinrestane er frå ein grønlandskval. Grønlandskvalen er ein av dei mest arktiske kvalane vi har, men temperaturen i Bjørnafjorden har vore både varmare og kaldare enn det den er i dag.

Geologane kjenner historia til vekst og smelting frå førre istid godt, også i Os.

– På denne tida sto sjøen 50-55 meter høgare. Beinrestane som er funne 32 moh etter dagens vasstand låg med andre ord på ei djupne på rundt 20 meter, seier John Inge Svendsen frå geologisk institutt ved UiB.

– Eg trur kvalen anten har lagt daud i vasskorpa eller har svømt seg fast lengre oppe i bakken her, og så har skrotten trilla ned på botnen etterkvart, seier John Inge Svendsen frå geologisk institutt ved UiB.

– Funn av skjell på 20 meteres djupne, i sanden under leira, gjer at vi trur at det var klart og fint vatn her på den tida.

Det låg ein gong is også over Øyane og Storum, men denne trekte seg tilbake mot Hardanger for så å gjera framstøyt ut til Os igjen, men den gong berre til Ulven og Liafjellet. Dette var 12.000 til 11.600 år sidan, beinrestane er eldre, truleg 12.000 til 14.000 år gamle.

– Det var eit smalt sund ut til Storum, derfor er det ekstra med leire her, seier professor Jan Mangerud, som i dag var på Storum med fleire mastergradstudentar.

Han seier det er rundt 30 år mellom kvar gong det blir gjort så spennande funn som dette på Storum, og synest det er veldig gøy å ha studentane med.

– Vi gjekk rett frå forelsing og på google for å søka på kval då vi fekk høyra at vi skulle til Storum. Dette er ein kjekk skuledag, seier studentane.

Søkjer vidare

Maskinførar Kåre Odland får ros for si varsame graving mens forskarane sjekkar leira, porsjon for porsjon.

– Eg var interessert i gamle funn frå før, og interessa har ikkje blitt mindre dei siste dagane. Det er rett før eg byrjar på universitetet eg òg, seier Kåre og ler.

Arbeidet med søk held fram nokre dagar til, men truleg berre ut veka.

– Kva håper du å finna?

– For det første er vi nøgd med å ha funne så mykje av kvalen, men det er òg interessant med alle desse andre artane, seier Hufthammer.

– Vi håper å finna endå fleire fiskebein og planterestar. Eit funn som blei gjort på Blomvåg i Øygarden i 1947 viste restar av både kval og reinsdyr. Artane har gjerne dødd med fleire hundre års mellomrom, men av og til blir det funne slike «faunafeller», stadar der det har hopa seg opp med beinrestar.

– Er det sjanse for å finna forhistoriske dyr, for eksempel ein mammut?

– Eg tviler på det. Mammutar trengte store beiteområde, så då må du nok lengre innover land.

– Men det er gjort funn andre stadar frå artar som ikkje er her lenger, som gråkval, som du i dag finn i Stillehavet, men ikkje nord i Atlanterhavet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.