Næringsliv | 02. jan. 2014

Fleire gjekk konkurs

21 verksemder i Os måtte setja kroken på døra i 2013 etter å ha gått konkurs eller blitt tvangsavvikla.

Fleire gjekk konkurs
Arkivfoto: KVB
Andris Hamretorsdag 02. jan. 2014 15:06

I løpet av 2013 blei 20 verksemder i Os slått konkurs, éin blei tvangsavvikla. Samstundes blei 455 verksemder slått konkurs i Hordaland og 109 tvangsavvikla. Dette er ei auke på 15,8% samenlikna med 2012.

På landsbasis var auken i antal konkurser enno større med 16,6%. Verst var det desember då auken frå 2012 var på heile 36,4%.

– For første gong sidan 2009 har vi opplevd eit år med auking i konkurstala, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.

I 2012 såg konkursregisteret ein nedgang i talet på konkursar, men frå april i fjor og fram til nyttår har det vore ein stigning månad for månad.

Byggebransjen og spesialforretningar på topp

Hedmark, Østfold og Oslo er dei tre fylka kor auka har vore størst. Finnmark er det einaste fylket som har hatt ein nedgang også i 2013.

Det er særleg i byggebransjen og spesialforretningar som har gått konkurs i 2013. Av 360 registrerte konkursar skriv 29 av dei frå "oppføring av bygning" og 16 av dei frå "Annen butikkhandel i spesialforretninger". Heile 108 av dei 360 konkursane på landsbasis er personlege konkursar.

Konkurs* åpnes når en person eller et selskap ikke er i stand til å dekke sine forpliktelser eller når aksjekapitalen for selskapet er oppbrukt.

Tvangsavvikling* åpnes når et selskap har meldt oppløsning, men unnlatt å melde endelig sletting i Foretaksregisteret – eller når et selskap etter gjentatte purringer fra Foretaksregisteret ikke har meldt inn styremedlemmer, styreleder, daglig leder og revisor. Et selskap kan også tvangsoppløses hvis det ikke sender inn årsregnskap.

* kilde: konkursregisteret

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.