Lokal | 25. sep. 2014

Fleire på topptur

Interessa for å gå i fjellet er aukande, også blant ungdommane. – I år var det meir enn dobbelt så mange med på Møsnuken samenlikna med tidligare, fortel Gunnar Stokke.

Fleire på topptur
Nokre av dei spreke elevane samla i strålande vêr på toppen av Møsnuken (foto: Os ungdomsskule)
Andris Hamretorsdag 25. sep. 2014 10:30

Det er ikkje berre "menn i 40-årskrisa" som trivst med å flyga på fjellet. No kjem også ungdommane etter. Tidlegare i september arrangerte Os ungdomsskule sin årlege aktivitetsdag kor elevane kan velja kva aktivitet dei vil delta på. På programmet sto ymse ballaktivitetar på Kuventræ, natursti, triathlon og topptur til Møsnuken.

– Tidlegare var det gjerne 10 - 12 elevar som meldte seg på turen til Møsnuken.

– I fjor var vi vel omlag 20 og i år var det heile 50 elevar som blei med til toppen.

– Det som i tillegg er ekstra kjekt å høyre er at fleire av elevane fortel at dei går eindel i fjellet saman med foreldra sine. Det er ei tydeleg endring frå tidlegare, fortel Gunnar Stokke, lærar på Os ungdomsskule.

Turen til Møsnuken gjekk frå Tøsdal og opp. Aktivitetsdagen har vore arrangert i allefall i 12-13 år. I tillegg til den årlege aktivitetsdagen på hausten for alle elevane på skulen, er elevane på 8. trinnet kvar vår med på turistforeninga sin «Opptur»

Fleire vel fysisk aktivitet

Stokke, som òg er lærar for valfag friluftsliv, fortel om ei stadig meir aktiv elevgruppe.

– Tidlegare opplevde vi gjerne at elevane var aktive på barneskulen, men styrte unna når dei kom opp i ungdomsskulen.

– Tendensen no er tydlegare på at dei no vel fysiske aktiviteter i større grad.

– For tre år sidan blei læreplanen lagt om, og valfag kom inn igjen i skulen.

– Dei to siste åra har ekstra gym og friluftsliv vore to av vala og dei er veldig populære.

– For oss som har etterlyst meir fysisk aktivitet i skulen er det veldig kjekt.

– Eg trur det at elevane er meir i aktivitet også gjer at dei er betre rusta til å ta i mot anna type læring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.