Næringsliv | 21. aug. 2014

Fleire yngre reiser

Vitaltour går så det susar, omset for vel 60 millionar i året. – Det går bra, vi har funne vår form, seier Inger Berit Bøyum.

Fleire yngre reiser
Dagleg leiar i Vitaltour, Inger Berit Bøyum, er nøgd med nyheitene og programmet for hausten og vinteren (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 21. aug. 2014 08:36

Den lokale turoperatøren, Vitaltour, blei starta i 2002 for å tilby tryggleiksreiser til eldre innbyggarar i kommunen. No fjorten år seinare lever bedrifta i beste velgåande med ei omsetting på vel 60 millionar kroner i året, fem tilsette på kontoret i Os, to i Stockholm og 12-15 reiseleiarar på Kypros, Lanzarote, Italia, Mallorca og Madeira gjennom sesongen.

– Ja, det går bra. Vi er ein liten turoperatør samanlikna med Star Tour, Ving og Apollo, men har funne vår nisje og trivst veldig godt med det, fortel dagleg leiar Inger Berit Bøyum.

Meir aktive

Bøyum fortel at sjølv om dei har gjestar på 99 år, så er det stadig fleire yngre pensjonistar og andre som finn vegen til den Os-baserte turoperatøren.

– Den store skilnaden er at dei yngre er meir aktive enn gjestane vi hadde tidlegare.

– Det har mellom anna gjort seg utslag i at vi har utvida aktivitetsprogramma på reisemåla med meir fysiske aktiviteter. På Kypros har vi no til dømes vandring i Troodosfjella på programmet, medan ein på Lanzarote kan vandra i høgdene mellom vulkanane.

Tek framleis heile vinteren i syden

Ein anna ting som skil dei “ferske” pensjonistane frå dei litt eldre er kor lenge dei har tid til å vera vekke.

– Vi ser at dei yngre bestiller turar på fire eller seks veker. Dei har ikkje tid til meir, fordi dei må heim å ordna ting eller delta i organisasjonslivet her heime.

– Med dei eldre gjestane våre er det litt annleis. Dei blir gjerne verande i fleire månader, fortel Bøyum.

Mange av langtidsgjestane reiser tilbake til same stad og hotell år etter år. Dette gjer at heilt spesielle venskap byggast.

– Før dei bestiller får vi gjerne spørsmål om den og den reiseleiaren også er der i år. Dei er opptekne av at det skal vera trygt og kjente folk dei møter, smiler ho.

Nyheit: Rundtur i Italia

Som følgje av ei meir aktiv kundegruppe lanserar Vitaltour til våren ei vekes rundtur i Italia.

– Vi har allereie Terracina, halvannan time sør for Roma i programmet i haust.

– Til våren legg vi opp til ein rundtur i Italia, kor vi vitjar det fantastiske landskapet i Toscana, dei trange gatene og flotte torga i Siena, Firenze, Venezia og fleire spennande byer før vi avsluttar turen i Roma.

– Dette er ein tur vi har stor tru på. Sidan mange av desse byane er så trange må gjestane rekne med å gå litt for å sjå severdigheitane, men slik vi har lært å kjenne dei, så trur eg det berre fell i smak.

Relanserar tryggleiken

Også dei opphavlege tryggleiksreisene har fått ei oppfrisking denne sommaren.

– Vi ser at nettopp tryggleik er det mange av gjestane våre søkjer. Samstundes har vi ein god del enslige som reiser med oss. For å få dei enno betre integrert har vi lagt inn fleire ting i konseptet Trivselsreiser.

– Våre folk er sjølvsagt framleis på Flesland og hjelper til med bagasjen, men dersom ein tingar ei Trivselsreise, har vi også inkludert mat på flyet, busstransporten, velkomstmiddag, temakveld med lokal mat og kulturelle innslag og ein utflukt i veka.

– Desse endringane har blitt godt motteke både hjå enkeltgjestar og frå dei mange gruppene som reiser med oss, fortel Bøyum.

Tek oppatt “Os-turane”

Då Vitaltour starta i 2002 var det med bakgrunn i ordførar Terje Søviknes sin idè om å sende pensjonistane i kommunen til syden om vinteren.

Dei første åra hadde turoperatøren og kommunen eit tett og nært samarbeid.

– Samarbeidet har vore der heile vegen, men dei klassiske kommuneturane blei etterkvart vatna litt ut. Folk bestilte sjølv og blei gjerne ei gruppe som organiserte seg sjølv. Framleis har vi kø utanfor lokalet når vi lanserar haustprogrammet. Det er spesielt den første turen vi har til hotell Electra på Kypros desse vil sikra seg plass på.

– No relanserar vi trivselsreisene med ekstra tryggleik for eldre heimebuande i Os kommune. Saman med kommunen arrangerar vi ein tur frå 14. til 28. november kor to av sjukepleiarane i kommunen, Marianne Hjelle og Bjørg A. Sjøbø, blir med for å gje ei ekstra tryggleik.

– Gjestane må framleis vera sjølvhjelpen, men på denne turen tilbyr vi litt ekstra. Mellom anna velkomstmiddag og temakveld, fleire utflukter og buss tur/retur mellom Os og Flesland i tillegg til at dei to sjukepleiarane blir med under heile reisa.

Populære PU-turar

Også dei populære turane for psykisk utviklingshemma til Lanzarote held fram som tidlegare.

– Vi har to turar no i september. Dei er allereie fullteikna og særs populære.

– Også der har vi eit særs godt samarbeid med Os kommune som stiller fire av sine tilsette til disposisjon for oss, sjølv om gjestane kjem frå heile Hordaland, avsluttar Bøyum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.