Lokal | 01. feb. 2013

Flest for indre trasé

Kva meiner partia i Os kommunestyre om val av trasé for ferjefri E39? Tysdag skal dei seia si meining - Midtsiden har tatt ein ringerunde til alle lokalpartia.

Flest for indre trasé
Kommunestyrerepresentantane skal tysdag seie kva trasé dei vil at ferjefri E39 skal gå etter. Her frå temamøtet i Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 01. feb. 2013 09:49

Tysdag fekk kommunestyrerepresentantane ei orientering frå regionvegsjef Helge Eidsnes og frå Geir Magne Johnsen i folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden.

Torsdag hadde dei fleste av partia medlemsmøte, kor dei ba partifellene om råd i høve til kva trasé partiet bør velja.

Midtsiden har stilt kvart av partia desse to spørsmåla.

1. Går de får indre eller midtre trasé?
2. Fristiller de kommunestyrerepresentantane, slik at representantane sjølv tar valet?

Her er svara:

Gustav Bahus, Frp:

1: - Vi vil ha ein prosess gjennom helga for å sjå om vi kan finna fram til noko saman med samarbeidspartnerane våre i Høgre. Kommunestyregruppa hadde møte i går og diskuterte saka. Vi blei då einige om å ta denne runden.

2: - Vi har ikkje tradisjon for å binda representantane våre. I alle år har vi hatt tradisjon for å bruka tid og ha gode drøftingar i forkant slik at vi kan koma fram til eit framlegg som alle i partiet kan stilla seg bak.

Marie Elisabeth Lunde Bruarøy, H:

1: - Det ser ut som om vi vil gå for indre trasé, men vi er villige til å endra på formuleringar for å få breiest mogleg støtte.

2: - I utgangspunktet er partigruppa samla, men vi har tidleg sagt at representantane står fritt.

Lars Atle Skorpen, Ap:

1: - Medlemsmøtet vårt har tilrådd indre trasé. Hovudårsaken er at vi fryktar ei bru i Øyane. Vi vil ikkje under noko omstende støtta dette.

2: - Gruppa står fritt, men eg har inntrykk av at fleirtalet i gruppa støttar indre trasé.

Terje Sperrevik, TvS:

1: - Vi hadde ein runde på det i går og fått fleire signal frå medlemmane.

2: - Representantane vil vera fristilte. Personleg går eg for indre trasé.

Jostein Bondevik, KrF:

1: - Vi må ta siste runde i helga for å sjå på formuleringane i innlegget vårt. Vi heller nok i retning indre trasé, men føler det naudsynt å seia noko også om midtre, sidan vi trur at regjeringa går for denne uansett.

2: - Våre to representantar er fristilte, men stort sett så er vi samde.

Jon Sivert Rykkel, V:

1: - Vi går for indre trasé.

2: - Det har ikkje vore ein diskusjon, representantane våre er så samkøyrde om valet at det ikkje har vore eit tema.

Ingrid Netland, Sp:

1: - Vi går for indre trasé. Det vedtok vi allereie i ein resolusjon på årsmøtet i haust. Vi ser på trasévalet i eit langsiktig perspektiv og meiner det er viktig å legga hovudtrafikken utanom Bergen sentrum, men med ein stikkveg for bytrafikken til Bergen sør. Vi trur bru og næringsutviklinga vil endra og utvikla seg langs vegen, og ser på regionen under eitt.

2: - Det skal vera tungtvegande grunnar om eg ikkje røyster det partiet vil. Det skjer ikkje i denne saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.