Sport | 19. aug. 2009

Flott juniorsiger

I vår tapte Os 0-7 for Åsane, i går starta dei haustsesongen med siger over same mannskap.

Flott juniorsiger
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. aug. 2009 07:56

Junior elite, 18. august 2009:
Os - Åsane 4-2 (2-1)

Tysdag kveld opna juniorlaget til Os haustsesongen med heimekamp mot Åsane. Os leia 2-0 etter skåringar av Daniel Vevatne og og Espen Lid, men gjekk til pause med eittmålsleiing, 2-1.

- Daniel fekk ballen av Stian Bakke og gjorde mykje sjølv før han avslutta i nettmaskene. Espen Lid, som var banens beste i går, skåra etter flott klikk-klakk spel på ei kontring, fortel assistent-trenar Bjørn Atle Bakke.

Stor fart
Med Espen Valvik og Sven Lyssand på topp var det stor fart i juniorlaget som tok tre nye poeng i går.

- Kampen var litt jamn, men vi tok ein fortent siger. Vi var best i banespel og hadde flest sjansar, seier Bakke.

Og begge spissane skåra mål, først Espen, som nikka inn eit innlegg, og så Sven, som ser ut til å lika å setja siste spikeren i kista. Han har nemleg skåra siste målet i fleire kampar for juniorlaget og Os 2 den siste tida.

Desse spelte frå start (4-4-2): Even Bjoarvik, Henrik Takle Eide (v.b.), Kristoffer Sande, Kjartan Svendsen, Stian Dale (h.b.), Tor Erik Berge (v.k.), Espen Lid, Daniel Vevatne, Stian Bakke (h.k.), Sven Lyssand og Espen Valvik.

Også Alexander Havsgård, Stian Helland, Børge Borgen og Vegard Engelsen Moberg fekk speletid.

- Børge gjorde ein god jobb for Os 2 i førre kamp, han var også god då han kom innpå for oss i går. Og så var det kjekt å sjå Vegard Engelsen Moberg i sving igjen. Han har vore mykje ute med skade, men var i storform på midtbanen vår i går, seier Bakke.

Os junior elite spelar neste kamp på bortebane, mot Odda på sundag. Odda ligg sist på tabellen med eitt poeng, Os ligg no på 6. plass med 12 poeng.


SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.