Flygande trampoliner kan utgjera ei stor fare (foto: Gjensidige)

Flygande ufoar - haustens farlegaste?

Meteorologane varslar kraftig vind. Likevel står mange trampolinar usikra.

Av: Andris Hamre

Vervarslinga på Vestlandet varslar kraftig vind med orkan ved Statt natt til torsdag. I følgje Yr.no skal ikkje vinden bli så kraftig på Os i natt, men i morgon skal det blåsa friskt med stiv kuling frå sør i morgontimane.

Ein bør difor sikra lause gjenstander, og kanskje spesielt trampolinen.

– Får vinden tak i ei usikra trampoline vil den kunne fara gjennom vinden som ein frisbee og gjera stor skade, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige. Han trur få er klar over kor farleg dette er.

– Ein ting er at den kan smadre ein bil eller smelle inn i ein husvegg, men kva om den treff eit barn som er ute og leiker eller noko som er ute og går.

– Trampoliner har stort vindfang, veg ikkje så mykje og er eit farleg «våpen» om det fyk av garde på eigen hand, påpeiker Voll.

Rådet frå Voll er å sikra trampoliner som står ute skikkeleg, eller å skru den frå kvarandre og lagra den innandørs til neste sommar.

– Materielle skadar kan erstattast, men det kan ikkje eit liv, avsluttar kommunikasjonssjefen.

Dette kan du gjera når det er meldt kraftig vind eller mykje nedbør.

  • Sikre lause gjenstander
  • Trampolinar må fjernast eller sikrast med tau/rep, gjerne med fleire, slik at det ikkje kan fly av garde.
  • Hald deg innandørs

Ved mykje nedbør

  • Reingjer sluk, takrenne og sørg for god nok drenering der vatn kan samlast
  • Sjekk fuktigheit på loft og ved takvindauge
  • Flytt uerstattelege ting vekk frå kjellergolv og opp i høgda