Lokal | 05. nov. 2015

Flyktningebehovet har endra seg

Det blei ein litt rar situasjon då formannskapet fekk presentert kostnadar og inntekter for mottak av 15, 30 eller 45 flyktningar per år.

Flyktningebehovet har endra seg
Kommunalsjef Nils-Petter Borge presenterte tala for mottak av 15, 30 eller 45 flyktninger (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 05. nov. 2015 10:05

Bildeserie:

Reknestykket for mottak av 15 flyktningar (foto: AH)
Reknestykket for mottak av 15 flyktningar (foto: AH)
Reknestykket for mottak av 30 flyktningar (foto: AH)
Reknestykket for mottak av 30 flyktningar (foto: AH)
Reknestykket for mottak av 45 flyktninger (foto: AH)
Reknestykket for mottak av 45 flyktninger (foto: AH)
1 av 3
Reknestykket for mottak av 15 flyktningar (foto: AH)
Reknestykket for mottak av 30 flyktningar (foto: AH)
Reknestykket for mottak av 45 flyktninger (foto: AH)

Før sommaren fekk Os kommune spørsmål frå fylkesmannen om å ta imot 45 flyktningar i staden for dei 15 som blei vedteken i november 2014.

Men etter at spørsmålet blei reist på forsommaren har situasjonen endra seg dramatisk.

40 i månaden?

– Den gong var det diskusjon om Noreg skulle ta imot 8 000 eller 10 000 i året. No snakkar vi om 40 000 per år. Det er mykje uvisse knytt til dette. Forhåpentligvis får vi nokre svar i løpet av dei komande vekene, sa Terje Søviknes (Frp) etter at rådmann Knut Terje Rekve hadde kommentert den ekstraordinære situasjonen.

– Det vi her diskuterer er ein normalsituasjon, men vi er ikkje i ein normalsituasjon. Om vi skal ta vår del av dei som kjem no så snakkar vi fort om å ta imot 40 i månaden. Dette er ei kjempeutfordring og kan ikkje løysast med den ordinære integreringsordninga, hadde rådmannen då påpeika.

Eit vanskeleg reknestykke

Den vanskelege oppgåva med å freista å seie noko om dei økonomiske konsekvensane av å ta i mot ein auka andel hadde kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge og økonomirådgjevar Eivind Solberg fått.

– Vår oppgåve i den saka som kjem til formannskapet i desember er å synleggjera konsekvensane. Busetting og integerering er avhengig av eit samspel mellom ei rekkje tenester. Mykje handlar om å redusera negative samfunnskonsekvensar og gje våre nye sambygdingar eit godt liv i Os.

– Å setje tal på dette er ikkje ei eksakt viten. Sidan fakta ikkje er kjend har vi gått til berekningsutvalet sin rapport frå august 2015 for å få eit grunnlag, forklarte Borge og Solberg.

Frå overskot til underskot

Os kommune har tidlegare år drive flykningetenesta med eit positivt resultat, både økonomisk og integreringsmessig. Tala Borge og Solberg la fram tysdag syner at ein ikkje lenger kan gjera rekning med å gå med økonomisk overskot.

– Integreringstilskotet får vi dei fem første åra. Som reknestykka viser vil vi måtte oppjustera tenesta det første året. Det får utslag på botnlina.

– Kva konsekvensane blir i dei påfølgande åra, frå år 6 og utover veit vi ikkje, men vi ser vel teikn på at fleire også treng sosialhjelp i dei åra, forklarte Solberg.

Administrasjonen sine berekningar på mottak av henholdsvis 15, 30 og 45 nye flykningar kvart år syner at:

  • 15 flykningar vil gje ei inntekt frå 9,8 til 10,9 millioner dei komande fem åra og ei utgift frå 10,6 til 11,9 millionar i same periode.
  • 30 flyktningar gjer ei inntekt frå 13,1 til 21,9 millionar og utgifter på 15,6 til 23,2 millionar.
  • 45 flyktningar vil gje ei inntekt frå 16,3 millionar i år 1 til 32,8 millionar i år 5. Utgiftene strekk seg frå 20,3 millionar i år ein til 34,1 i år 5.

Kan vera handterbart

– Dei fleste kommunane av vår storleik skal klara å handtera desse tala. Det store spørsmålet er kor sjølvberga ein klarer å gjera dei som kjem her gjennom integreringsarbeidet, i løpet av dei fem første åra, kommenterte Søviknes.

– Litt av utfordringa er kven er det som kjem. Har dei ei god utdanning, lærar seg norsk lett og på den måten blir attraktive for arbeidsmarkanden, så er det relativt enkelt å losa dei gjennom og dei vil klara seg sjølv. Kjem dei frå krigsområder og er traumatiserte vil det kreva meir av det kommunale tenesteapparatet, svara Borge.

Må nytta heile bygda

Skal kommunen klara å ta imot ein auka straum av flykningar vil det kreva noko av alle.

– Har ein tenkt noko i forhold til frivillige organisasjoner, undra Terje Sperrevik (TvS).

– Vi er nødt til å ta heile bygda i bruk, det gjer vi allereie i dag, men vi må gjera det i endå større grad enn no. Vi ser jo at dei av flytningane som har knytt kontaktar i det rike lags- og organisasjonslivet i bygda har sklidd betre inn, svara Borge.

– Frivilligsentralen har blitt ein viktig katalysator, spesielt i forhold til kvinnene og språktrening, supplerte Line Rye, kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.