Yngve & His Boogie Legs går først på scena i Oseana lille nyttårsaftan (foto: Andris Hamre)

Flyttar romjulsbluesen

Etter 14 år i Fjellheim flyttar romjulsbluesen til Oseana og feirar med to band.

Av: Andris Hamre Fredag, desember 16, 2011 - 09:30

For mange har romjulsbluesen blitt ein tradisjon for å svinga seg ut av året som har gått. Etter 14 år i Fjellheim flyttar dei no til storstova i Oseana.

- Det kjem til å bli kanon, lovar programsjef Tore Lekve.

Det heile startar med dei unge gutane frå Voss i «Yngve & His Boggie Legs». Bandet har vitja blueskveldane på Peppes Pizza to gonger allereie.

- Yngve og gutane vann Norsk Bluesunion si talentkonkurranse på Notodden Bluesfestival tidlegare i haust, fortel Lekve.

Den store spelegleda og kor samspelte dei er blei trekt fram då gutane vann konkurransa på Notodden.

Osingane sin favoritt

Unggutane frå Voss går på scena omlag klokka 2030 før osingane sine favorittar frå Odda - «Vetrehus Bluesband» entrar scena litt før klokka 22.

- Vetrehus treng vel knapt noko introduksjon. Når dei spelar opp blir det alltid trøkk og liv, forsikrar Lekve.

- Vi har lagt ut 400 billettar til festen, 200 på billettservice, 100 på Best'n og 100 som vi sel via bluesklubben.

Siste haustbluesen

Om du ikkje vil venta heilt til romjula for å få med deg blues har du sjansen allereie laurdag då sesongens siste «Haustblues» går av stabelen på Peppes.

- Då kjem osentusiasten Olav Undeland med sitt band Parchman Farm Stompers.

- Namnet har dei henta frå det vidgjetne mississippifengselet der mellom andre Vernon Presley, far til Elvis, sat i 30-åra, fortel Lekve.

Parchman Farm Stompers spelar delta- og piedmontblues med gitar, munnspel, trommer og vaskebrett.

- Det blir sal av billettar til romjulsbluesen på Peppes, forsikrar Tore Lekven i Osøren Blues & Jazzfestival.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11