Næringsliv | 18. aug. 2011

Følgjer draumen i sentrum

Ho har lenge drøymt om å starta interiørbutikk. No satsar Katrine Brattfjell Heggland på å vera i gang i Brugata i oktober.

Følgjer draumen i sentrum
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2011 05:15

Katrine Brattfjell Heggland er utdanna interiørkonsulent med erfaring frå blant anna Hødnebø på Nesttun og Marimekko. Lenge har ho bore på draumen om å starta eigen interiørbutikk. Tysdag signerte ho leigekontrakt på lokalet frisørsalongen Syrin og Guri flytta ut av tidlegare i sommar.

- Eg meiner vi treng denne typen butikk her på Os.

- Når Anders (Heggeland, journ.anm.) og dei turte å satsa på LoL i dei gamle Kleivenlokala kunne ikkje eg vera dårlegare, smiler den ferske butikkeigaren.

- Det er ingen grunn til at osingane skal måtte reisa til byen når dei kan få varene her på Os, seier Brattfjell Heggland, som er opptatt av at det skal vera liv i sentrum.

Fekk dei ho ville

Interiørbutikken som ho no startar på Os er eit supplement til dei interiørbutikkane som allereie finns i bygda.

- Eg har fått akkurat dei leverandørane eg ønska meg, fortel ho, før ho ramsar opp Norden Lightning, Marimekko, Farm Living, Hay, Muuto og bergensbaserte Scandinavian Surface.

Felles for dei alle er den nordiske stilen dei representerar.

- Eg har satsa på norske og danske leverandørar som har hovedfokus på det nordiske. Det meiner eg manglar på Os.

Nordisk rom

Og nettopp det nordiske har inspirert Brattfjell Heggland når ho har gitt butikken navn.

- Den kjem til å heita «Nordisk rom».

- Eit rom eg håper alle med interesse for interiør og design finn interessant.

Vareutvalet vil spenna frå tapet og tekstilar til lampar, enkelte småmøblar og andre interiørvarer.

- Til og med nokre vesker frå Marimekko kjem nok til å få plass i butikken.

Gubben må trå til

Som fleire av dei andre nyoppstarta verksemdene i Os sentrum satsar ho på familien når butikklokala skal pussast opp.

- Han heime må nok rekna med å gi ei hjelpande hand med oppussinga. Eg vil blant anna kle inn heile murveggen som er der i dag og få butikken lys og triveleg, fortel Brattfjell Heggland, som er glad ho er gift med ein malar.

Ho overtar lokalet 1. september og reknar med å vera klar til å opna dørene til eit Nordisk rom i sentrum i starten av oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.