Lokal | 13. mars 2012

Folkerørsle for Fjellheim

– Vi jobbar systematisk, har klare mål og får veldig brei støtte i bygda, seier Olaug Tvedt Keys og Rolv H. Bjørø frå aksjonsgruppa "Bevar Fjellheim".

Folkerørsle for Fjellheim
Olaug Tvedt Keys og Rolv Håkon Bjørø framfor Fjellheim. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. mars 2012 09:09

I februar samla ei gruppe osingar seg for å kjempa for å unngå at Fjellheim blir selt og rive. Fjellheim blei samrøstes vedtatt selt som del av finansieringa av Oseana, i etterkant har det blitt teikna ny innfartsåre til Os sentrum - utan Fjellheim.

– Vedtaket om sal gjekk meg hus forbi. Det var desse skissene som vekte meg, seier Olaug Tvedt Keys.

– Og det er tydelegvis mange andre som ikkje har oppfatta at det er planar om å riva og selja Fjellheim, fleire er rysta når vi opplyser om det, legg ho til.

Olaug visste ikkje heilt kor ho skulle starta då ho bestemte seg for å kjempa for Fjellheim. Men så møtte ho meiningsfelle etter meiningsfelle.

– Lite leveleg for lagslivet

I fjor var det 100 år sidan Fjellheim blei bygd. Rett nok brann det ned i 1936, men eigarane Os Musikkforening og Os Turn bygde det opp igjen om lag sånn det framstår i dag for nyopning i 1938.

Fjellheim har sidan fungert som Os si storstove for kulturarrangement, men det er ikkje berre nostalgi som får osingar til å organisera seg i aksjonsgruppe.

– Vi ser at Oseana på mange område ikkje klarer å erstatta Fjellheim, verken til øving eller til arrangement. På same måte som krinsane treng ungdomshusa treng Os sentrum Fjellheim, ein plass også for dei mindre arrangementa, for øving og framsyning utan dei høge kostnadane og dei dyre billettane, seier Rolv Håkon Bjørø.

Sjølv om lagslivet betalar halv pris i Oseana er 9000 kroner for mykje for mange. I tillegg kjem leige av lys og lyd og personell til å driva dette. Aksjonsgruppa viser til ferskt tilbod på 59.000 kroner til ein klubb i Os som ville halda ei framsyning i Oseana og ha ei øving i forkant.

– Ei revygruppe, særleg om denne har mange ungar med seg, vil gjerne øva på same scene som framsyninga skal vera. Då blir det endå dyrare leige og endå høgare risiko for dei som vil prøva å få til noko.

Seint ute?

I desember 2008 blei det vedtatt byggestart for Oseana. I juni 2011 opna det nye kulturhuset. Kvifor har ikkje aksjonistane reagert før no?

– For det første fekk alle høyra at laglivet skulle få bruka det nye kulturhuset som dei brukte Fjellheim, men til "litt høgare prisar". Sånn blei det ikkje i praksis, forskjellen blei stor og det såg dei først etterpå, no i haust.

– For det andre så strekk ikkje Oseana til på fleire område, for eksempel til øving. Å øva i Fjellheim var for mange betre enn å øva i Oseana-kjellaren, som er utan vindauge. At laglivet heller ikkje, i dei samanhengande det er naturleg, får inntekter frå skjenking, gjer det vanskelegare å laga fest i det nye kulturhuset.

– Viser at dei ikkje kjenner bygda si

I Os & Fusaposten onsdag 7. mars spør avisa politikarane om saka. Alle parti som er representert i kommunestyret blei spørt, berre Lars Atle Skorpen frå Ap sa at han støttar Fjellheim-initiativet (sjølv om partiet hans i si tid var med på å stemma for sal).

Dei andre politikarane seier blant anna at initiativet kjem seint (Terje Sperrevik, TvS), at det ikkje er økonomi til å driva to kulturhus (Jon Sivert Rykkel, V), at det er nok av andre hus å ta av til denne type mindre arrangement (Gustav Bahus, Frp) og at laglivet lenge har vore bortskjemte med låge leigeprisar (Marie Bruarøy, H).

Nokre av politikarane seier samtidig at dei er overraska over at laglivet har så vanskelege forhold, og at dette med leigeprisar i Oseana er noko dei kan sjå nærmare på.

– Kva synes de om svara som kom?

– Svara viser eigentleg kor lite politkarane kjenner si eiga bygd. Dei er ikkje tett på innbyggarane og dei har ikkje sett seg inn i situasjonen til laglivet dei elles liker å skryta så mykje av. "Frivillighet" og "det rike kulturlivet" kjem ikkje av seg sjølv og det lever ikkje vidare utan levelege vilkår.

Kva er målet?

Kva håper aksjonsgruppa "Bevar Fjellheim" å oppnå? Få Fjellheim og pengar til oppussing og drift? Eller vil dei samla inn pengar for å kjøpa Fjellheim? Har dei realistiske mål eller er dei for seint ute og risikerer å bli ein liten porsjon bakgrunnsstøy som er dempa før 17. mai?

– Hovudmålet er at Fjellheim blir drive vidare som før, det blir eit nødvendig tillegg til Oseana, ikkje ein konkurrent, seier Rolv Bjørø.

– Det er uansett viktig å hindra at bygget blir rive. Fjellheim er unik og tomta er unik. Med den veksten vi har i folketalet er det lett å sjå føre seg at det vil bli aukande behov for ein plass som Fjellheim i framtida. Blir bygget rive til fordel for bustadar kan toget vera gått når det kjem til liknande bygg nær sentrum i framtida.

Konkret, målretta arbeid er også i gang.

– I november så prøvde vi å få fylkeskonservatoren til å freda Fjellheim. Vi fekk som svar at Fjellheim var verdt å ta vare på, men at vern av Fjellheim krev lokalt vedtak.

– I februar, innan frist 15. februar, la vi inn merknad til reguleringsplanen som er teikna utan Fjellheim. Medan vi ventar på handsaming av denne samlar vi underskrifter. Responsen har vore enorm og mengda underskrifter er vesentleg når det kjem til vidare initiativ frå oss.

– Det som er sikkert er at vi har stor og brei støtte i Osbygda og at det er behov for å ta vare på Fjellheim, seier Olaug Tvedt Keys og Rolv H. Bjørø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.